Gangsterbrud fekk åtte års fengsel

Rettsteikning av James Bulger og Catherine Greig.
Foto: Bill Robles/ReutersDen mangeårige venninna til den illgjetne gangsteren James «Whitey» Bulger, Catherine Greig, er dømd til åtte års fengsel av ein domstol i Boston.
Publisert 12.06.2012 22:03. Oppdatert 12.06.2012 22:16.
- Skriv ut
61 år gamle Greig sa seg skuldig i titalen under rettssaka i mars. Ho var tiltalt for å ha hjelpt Bulger med å halde seg på flukt i 16 år, for å ha brukt falsk identitet og for å ha delteke i ein konspirasjon for å gjennomføre identitetssvindel.

Catherine Greig var på flukt saman med James Bulger i 16 år.
Foto: Anonymous/ApHo vart også dømd til å betale ei bot på 150.000 dollar, rundt 900.000 norske kroner. Etter tiltalen kunne ho risikert 15 års fengsel. Aktor bad om fengsel i 10 år, medan forsvararen meinte 27 månader kunne vere nok.
Ein av ti mest ettersøkte
82 år gamle James «Whitey» Bulger, som før han vart pågripen i fjor var på lista over dei ti mest ettersøkte i USA, skal stillast for retten seinare i år. Han er mistenkt for å ha delteke i minst 19 drap. Han var ein frontfigur innan organisert kriminalitet i Boston i delstaten Massachusetts.
Catherine Greig, ein tidlegare tannhygienikar og hundepassar, har vore saman med James Bulger i over 30 år. Først i 18 år som hemmeleg elskarinne medan Bulger budde saman med ei annan kvinne, Teresa Stanley. Deretter braut ho opp frå livet sitt i Massachusetts for å leve saman med Bulger på flukt frå politiet.

James 'Whitey' Bulger var ein legendarisk gangsterleiar i Boston, men også FBI-informant.
Foto: WBUR/ApDet amerikanske føderale politiet FBI har sagt at Bulger flykta frå Boston saman med Stanley i 1994, etter å ha fått eit tips om at FBI hadde planar om å arrestere og tiltale han.
Kontaktperson i FBI
Mannen som gav han tipset var FBI-agenten John Connolly Jr., som var Bulgers kontaktperson då Bulger gav verdfull informasjon til politiet om ei konkurrerande mafiagruppering. Connolly vart seinare dømd for å ha samarbeidd med mafiaen.
Etter nokre månader på flukt reiste James Bulger tilbake til Boston. Han skal ha teke med seg Teresa Stanley tilbake til heimbyen, og han reiste frå byen igjen saman med Catherine Reid.
Gangsterparet reiste mykje dei første åra på flukt, men etter kvart busette dei seg i Santa Monica i California under falske identitetar. I juni i fjor vart dei arresterte, få

Litt av våpenarsenalet som vart funne heime hos James Bulger og Catherine Greig i Santa Monica.
Foto: Anonymous/Apdagar etter at FBI hadde gått ut med ei omfattande, offentleg etterlysing av Catherine Greig.
Kontantar og våpen
LES OGSÅ: Beryktet gjengleder arrestert etter 16 år
Då dei vart pågripne fann politiet nesten fem millionar kroner i kontantar i huset deira, saman med over 30 ulike skytevåpen. Dei to gav seg ut for å vere eit pensjonert ektepar frå Chicago.
Det er uklart om Catherine Reid har inngått ein avtale med påtalemakta om å seie seg skuldig, og at ho som motyting skal sleppe å vitne mot James Bulger.
LES OGSÅ: Dette er 'Whitey's drapsliste
USA
- Amerikanske droner drepte Awlaki
- – Beskyttet elevene med kroppen min
- Tornadoskader for mange milliarder
- Tidkrevende tornado-opprydning
- Trodde hun hadde mistet alt
- Fortsatt tornado-fare i Midtvesten
- Isabella: – Klamret meg til pulten
- Dødstallene doblet i Oklahoma
- Blant de sterkeste stormene i USA
- Frykter nær 40 døde på barneskole
- Én døde i tornado i USA

To razziaer etter kjøttøks-drap


