Overlevde harpun gjennom hjernen

Det at spydet gjekk inn i ein rett vinkel gjennom høgre hjernehalvdel gjer at 16-åringen kan kome frå ulukka med moderate skadar.
ApYasser Lopez (16) frå Florida fekk ein harpun tvers gjennom hjernen, og klarte på mirakuløst vis å overleve.
Publisert 20.06.2012 11:02.
- Kommentarer
- Skriv ut

Lopez var vaken då han kom inn på akuttmottaket, med den over meter lange harpunen tvers gjennom skallen.
Foto: HANDOUT/ReutersLopez fekk det over ein meter lange spydet gjennom hovudet og hjernen då han leikte med ein harpun då han var på fisketur saman med ein kamerat. Spydspissen gjekk inn berre få centimeter over augna hans og kom ut i bakhovudet.
16-åringen var vaken gjennom heile hendinga, og klarte utruleg nok å kommunisere med legane. Han hugsa likevel ingenting frå ulukka.
Ikkje dagleg kost
– Det er ikkje kvar dag nokon kjem inn på akuttmottaket og kan prate med ein meter lang harpun tvers gjennom hovudet, sa Dr. George Garcia ved Army Trauma Training Center til CBS.
Den viktigaste oppgåva for helsepersonellet var å unngå at spydspissen og tenåringen røyrte på seg, for unngå ytterlegare hjerneskade. Legane nytta ei jernsag og ein knipetong for å korte av spydet. Dei klarte å fjerne resten av spydet under ein tre timar lang operasjon, utan å skade nokre av dei livsviktige blodårene.
– Heldigaste av dei uheldigaste
Det var ein stor fordel for guten at harpunen gjekk gjennom den høgre hjernehalvdelen, som inneheld færre livsviktige funksjonar og viktige blodårer.
I tillegg var den rette vinkelen spydspissen gjekk inn på optimal. Dersom harpunen hadde gått diagonalt gjennom hjernen ville 16-åringen truleg ha døydd.
– Eg ser på han som å vere den heldigaste av dei uheldigaste, seier Garcia.
Legane til guten seier han må vere på sjukehuset i opptil tre månader, og kan risikere å få betennelsar på hjernen, men at dei er optimistiske på gutens vegner.
Nyheter fra verden
Grossist arrestert i hestekjøtsaka - To razziaer etter kjøttøks-drap
- Rystet over drap med kjøttøks
- Norsk par reddet fra seilbåthavari
- Bilbombe råka fransk gruve i Niger
- Cameron innkaller til krisemøte
- 80-åring nådde Everest
- Økt skepsis til Kina og India
- Nye opptøyer i Stockholm
- Amerikanske droner drepte Awlaki




