Vil ikkje svare på om heroin er farlegare enn marijuana
Sjefen for narkotikapolitiet i USA nekta å svare på eit spørsmål om heroin er farlegare enn marijuana, då ho vart grilla i den amerikanske Kongressen.
Publisert 22.06.2012 10:43.
- Kommentarer
- Skriv ut
Michele Leonhart, sjefen for det amerikanske narkotikapolitiet vitna i går i den amerikanske Kongressen for å seie si meining om eit lovforslag som vil mjuke opp reglane for medisinsk bruk av marijuana.
Politikarane nytta høve til å grille Leonhart om korleis dei prioriterer alvorsgraden av narkotiske stoff. Etter å ha gått rundt grauten og gitt vage svar fekk til slutt demokraten Jared Polis nok. Han kjem frå Colorado, ein delstat der marijuana er blitt dekriminalisert.
- LES OGSÅ: Advarer USA mot marihuana-lov
- LES OGSÅ: Cannabis-legalisering, aktuelt?
Svara unnvikande
– Er crack verre for ein person enn marijuana?, spurte Polis politisjefen.
– Eg meiner alle ulovlege stoff er farlege, svarte Leonhart.
Polis haldt fram med å spørje om metamfetamin og heroin var verre for helsa til ein person enn marijuana.
– Igjen, dei er alle ulovlege stoff, svarte Leonhart før ho vart avbrote av Polis.
– Ja, nei, eller du veit ikkje? Dersom du ikkje veit dette kan du undersøkje det. Eg spør deg eit veldig enkelt spørsmål: er heroin verre for helsa enn marijuana?
Leonhart hadde ikkje noko betre svar denne gangen, og haldt fram med å svare at «alle ulovlege stoff er farlege.»
- LES OGSÅ: – De vil ikke kjøpe dette av staten
- LES OGSÅ: SV er ikkje eit legaliseringsparti
Kontroversiell sjef
Michele Leonhart har vore ein kontroversiell figur i den amerikanske narkotikapolitikken etter at ho vart sjef for narkotikapolitiet i 2010. Barack Obama uttalte tidleg i presidentperioden sin at han ville gjere marijuanakriminalitet til ein lågare prioritet for politiet.
Men Leonhart sa at ho ville ignorere Obama-administrasjonen si linje på dette feltet då ho vart innsett, og halde fram med å køyre ein knallhard linje mot dei som vert tekne med marijuana.
Nesten ein million amerikanarar vert kvart år arresterte på grunn av kriminalitet knytt til marijuana. Det utgjer over halvparten av alle narkotikarelaterte arrestasjonar i landet. Fleirtalet av dei som vert arrestert er unge minoritetsgrupper.
Les
USA
- Isabella: – Klamret meg til pulten
- Dødstallene doblet i Oklahoma
- Blant de sterkeste stormene i USA
- Frykter nær 40 døde på barneskole
- Én døde i tornado i USA
- Her kommer rådyret gjennom ruta
- Holder grillet om AP-overvåkning
- Største skandale siden Nixon
- Holder: Lekkasjene satte liv i fare
- – CIA-agent arrestert i Moskva
- Innrømmer overvaking av nyheitsbyrå
Nyheter fra verden
- Isabella: – Klamret meg til pulten
- Barn deltar i opptøyene
- Dødstallene doblet i Oklahoma
- Opphever dommen mot eks-diktator
- Blant de sterkeste stormene i USA
- Obama: – Ring meg om du trenger noe
- Frykter nær 40 døde på barneskole
- Har bare én times dagslys igjen
- Oklahoma rasert av tornado
- Flere biler satt i brann i Sverige




