Kofi Annan åtvarar om alvorleg internasjonal krise

FN-utsending Kofi Annan rettar peikefingaren mot Russlands utanriksminister Sergej Lavrov før møtet i Geneve.
Foto: DENIS BALIBOUSE/ReutersFNs spesialutsending til Syria, Kofi Annan, åtvarar om at valdsbruken i Syria kan utvikle seg til ei alvorleg internasjonal krise.
Publisert 30.06.2012 14:06. Oppdatert 30.06.2012 15:00.
- Skriv ut
Annan legg til at stormaktene vil vere medansvarlege om det ikkje kjem ein avtale som får slutt på dei alvorlege valdshandlingane i landet.

Bshar al-Assad nektar å gi opp kampen mot det han kallar terroristar i Syria.
Foto: DSK/AfpKofi Annan, som er tidlegare generralsekretær i FN, teikna eit dystert bilete av situasjonen i Syria då han opna eit nytt krisemøte om situasjonen i Geneve i dag. Møtet blir sett på som ein siste sjanse å få til semje om tiltak som kan stanse valden.
Russland og Kina
Russland og Kina godtek ikkje ei løysing som inneber at president Bashar al-Assad blir pressa til å gå av. Opposisjonsgruppene i Syria har gjort det klart at dei ikkje vil godta ei løysing der Assad blir sitjande.
Utanriksministrane frå dei fem faste medlemslanda i Tryggingsrådet, USA, Russland, Storbritannia, Kina og Frankrike, deltek på møtet saman med Syrias naboland Qatar, Tyrkia, Kuwait og Irak.
Kofi Annan har bede landa om å bli samde om ein plan som kan få slutt på kampane i Syria, slik at det kan innleiast forhandlingar mellom dei stridande partane i landet.
LES OGSÅ: Far til pilot åtvarar mot krig
LES OGSÅ: Assad avviser utenlandske løsninger
- VIl dømme oss hardt
- Historia vil dømme oss hardt om vi ikkje greier å bli samde om ein avtale om Syria, sa Annan blant anna i opningstalen sin.
Han utfordra utsendingane ved å seie at det faktum at dei er til stades på møtet, så viser dei intensjonar om å vise leiarskap.
- Men greier de å følgje det opp?. spurde han retorisk.
LES OGSÅ: Kraftig eksplosjon i Damaskus
LES OGSÅ: Tyrkiske styrker mot Syria-grensen
Uttrykkjer pessimisme
Fleire vestlege diplomatar har uttrykt seg pessimistisk om sjansane for å få til semje mellom dei vestlege landa i Tryggingsrådet på den eine sida og Russland og Kina på den andre
Kamphandlingane mellom regjeringstyrkane og opposisjonsgruppene er no dei hardaste sidan opprøret starta for over eitt år sidan. Syriske styresmakter avviser at dei har gått til angrep på sivile, men seier at dei er i krig med terrorgrupper i landet.
Minst 11 mennseke skal vere drepne i kampar laurdag, melder fleire nyheitsbyrå.
Samstundes er forholdt mellom Syria og Tyrkia svært spent, etter at Syria skaut ned eit tyrkisk militærfly sist veke.
LES OGSÅ: Støtter samlingsregjering i Syria
LES OGSÅ: Regimetro milits bak massakre
Les
Syria
- Syriske fedre drepes foran barna
- – Iran med 4000 soldater til Syria
- Trur ikkje på våpen-lovnad
- - Ein karavane av løgner
- Russland beskylder USA for bløff
- – USA vil sende våpen til Syria
- USA: Kjemiske våpen brukt i Syria
- Skolebenk eller krigsmål?
- 14 drept i bombeangrep i Damaskus
- Forbereder storoffensiv i Syria
- FN med dramatisk appell
Nyheter fra verden
Singapore kveles av smog - Tar ikke Obamas utspill på alvor
- Obama vil kvitte seg med atomvåpen
- Obama: Overvåkningen har reddet liv
- Minst 48 drept i angrep i Nigeria
- Karzai brøt forhandlingene med USA
- Fire drept i Afghanistan
- Kan Obama begeistre Berlin?
- Arrestert ordførar trekker seg
- Våpenlager eksploderte i Russland




