– Gjengvaldtekt av norsk jente i Kroatia
Kart
Makarska, Kroatia
Kilde: Google MapsEi 17 år gamal norsk jente skal vere valdteken i Makarska i Kroatia. Tre menn er mistenkte i saka og blir avhøyrt av kroatisk politi.
Publisert 04.07.2012 16:47. Oppdatert 04.07.2012 16:54.
- Skriv ut
Tre menn er mistenkte for å ha valdteke ei 17 år gamal norsk jente i den koratiske feriebyen Makarska natt til onsdag, skriv VG Nett.
Jenta seier ho vart valdteken av alle tre mennene. Dei tre innrømmer å ha hatt sex med ho, men seier dette var frivillig frå jenta si side.
Mennene skal vere i alderen 23, 25 og 30 år, og skal ifølgje kroatisk media vere frå Bosnia-Hercegovina.
Avhøyr
– Me avhøyrer mennene no. Me rullerar på kven som blir avhøyrt annankvar time, seier politiet i Makarska til VG Nett.
– Det er uklart nøyaktig kva som har skjedd. Me undersøkjer omstendene no, seier dei.
Det skal også vere teke blodprøver av mennene.
Vil hjelpe
Det norske Utanriksdepartementet seier dei er kjende med saka gjennom media, men at dei ikkje har fått noko melding om den.
– Me er avhengige av at vedkomande tek kontakt med oss, dette er sjølvsagt heilt frivillig, seier pressevakt i UD Frode Andersen til NRK.
Om jenta og familien tek kontakt med UD kjem dei til å bistå så godt dei kan, seier Andersen.
– Det er veldig induviduelt kva oppflylgjing ein treng i slike saker, men om ho eller familien tek kontakt med oss så vil me bistå med det me kan, seier han.
Nyheter fra verden
Privatisering skaper fotballstorm - 24-åring pågrepet for gullsmedran
- Lottogevinst på 3,5 milliarder
- Toppolitikar drepen i Pakistan
- Flere drept i angrep i Irak
- Farvel til et kriserammet Europa
- Tre skutt under ran i Sverige
- Femtenåring erkjenner bilder
- Nord-Korea har avfyrt tre raketter
- Tre selvmord ved Foxconn-fabrikk




