Hopp til innhold

Samaras varslar meir privatisering

Statsminister Antonis Samaras i Hellas varslar storstilt sal av statlege selskap for å prøve å få landet på fote igjen økonomisk.

Antonis Samaras

Den nye statsministeren i Hellas, Antonis Samaras, varslar ei storstilt privatisering av offentlege selskap.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

Samaras, som skal leie ei ny trepartiregjering, vedgjekk i ein tale til parlamentet i kveld at det som hittil er gjort for å redusere den enorme gjelda Hellas har, ikkje har vore målretta nok.

Vil privatisere jernbanen

Den ferske statsministeren seier at regjeringa vil selje det statlege jernbaneselskapet til private, og dessutan gjennomføre ei liberalisering av energimarknaden. Han seier også at privatiseringa vil gå lenger enn det regjeringa tidlegare har forplikta seg til.

Hellas EU

EU har stilt strenge krav til Hellas for å låne landet pengar.

Foto: Thanassis Stavrakis / Ap

Fleire statlege selskap skal anten leggjast ned eller bli slått saman.

Talen til nasjonalforsamlinga i kveld var hans først sidan valsigereren i juni.

Samaras gjorde det også klart at Hellas også i framtida vil vere med i euro-samarbeidet. Han kritiserte utanlandske ekspertar for å prøve å øydeleggje forsøka på å få landet tilbake på fote igjen, ved å stadig spekulere i om Hellas vil forlate euroen.

LES OGSÅ: Cameron åpner for å frata grekerne én av fire EU-friheter

LES OGSÅ: Troikaen på plass i Hellas

Privatisering eit hovudrav

Auka privatisering er eitt av hovudkrava knytt til redningspakken frå Brüssel og Det internasjonale pengefondet IMF.

Antonis Samaras vedgjekk i talen sin at den privatiseringa som alt er gjennomført, som ein del av avtalen med EU og IMF, ikkje har ført til dei venta resultata. Privatiseringa av hamner, flyplassar og tidlegare OL-arenaer skulle gi inntekter på rundt 50 milliardar euro.

Dette har ikkje gått etter planen, og inntektene er no nedjusterte til 15 milliardar euro.

LES OGSÅ: Hellas' nye finansminister går av

LES OGSÅ: Øyeoperasjon stopper gresk statsminister fra EU-møte om Hellas

Internasjonale observatørar

Både EU, IMF og Den europeiske sentralbanken har observatørar på plass i det greske regjeringsapparatet for å forsikre seg om at kutta landet har forplikta seg til, faktisk blir gjennomførde.

Kutta er det viktigaste vilkåret for redningspakken på 130 milliardar euro, som Hellas fekk tidlegare i år.

Samaras møtte leiarane for dei utanlandske rådgjevarane tidlegare i dag for å informere om planen, men han bad også om naudsynte endringar i vilkåra for å stanse resesjonen og stimulere vektst i økonomien.

Smertefull prosess

Prosessen er svært smertefull for greske lønnstakarar, spesielt i offentleg sektor. Berre i år misser 15.000 offentleg tilsette jobbane sine. Dei nye tiltaka Samaras varsla i kveld kan føre til at endå fleire offentleg tilsette blir arbeidsledige.

Stadig fleire grekarar lever under fattigdomsgrensa, og mange unge med god utdanning vel å reise frå landet.

LES OGSÅ: Merkel vil se fotballkamp med Samaras

LES OGSÅ: Ny regjering på plass i Hellas

SISTE NYTT

Siste nytt