Politiet leitar etter klassekamerat

ETTERFORSKAR: Politiet i Aurora konfiskerer ting frå leilegheita til den mistenkte drapsmannen som angiveleg var åleine om massakren.
Foto: JEREMY PAPASSO/ReutersPolitiet i Aurora og FBI seier dei ikkje lengre leitar etter moglege medsamansvorne til den mistenkte kinodrapsmannen, men prøvar likevel å spore opp ein gamal klassekamerat av han.
Publisert 22.07.2012 10:29.
- Skriv ut
Talsmann for FBI, Dave Joly, seier at dei ikkje lengre leitar etter andre mistenkte etter massakren under kinopremieren i Aurora, Colorado fredag kveld.

INGEN TVIL: Politisjef Dan Oates seier det ikkje er tvil om at drapsmannen var åleine. Likevel leitar dei etter tidlegare kjente av den mistenkte.
Foto: Ted S. Warren/Ap– Det er absolutt ingen tvil om at denne fyren handla åleine, skal politisjef i Aurora, Dan Oates ha sagt ifølgje nyheitsbyrået Associated Press.
Politiet har no sikra leilegheita og byrja å konfiskere laptopar og anna bevis frå heimen til den mistenkte drapsmannen.
Leitar etter ein klassekamerat
Etter at ein TV-kanal i Denver rapporterte at politiet leitte etter fleire mistenkte, uttalte politisjefen seg og avkrefta ryktene.
Samtidig stadfesta han at politiet likevel snakkar med folk for å spore opp ein tidlegare klassekamerat av den mistenkte drapsmannen.
– Vi prøvar å spore opp ein klassekamerat av han, men det er alt dette er, seier Oates.
Har uskadeleggjort bombeleilegheita
Det er den 24 år gamle James Eagen Holmes som er mistenkt for å vere mannen som drap 12 menneske og skada 70 personar, då filmen «Batman» hadde premiere i byen Aurora i Colorado.
LES: Vil ikke samarbeide med politiet
Politiet vil ikkje seie kva dei trur motivet hans var. Holmes hadde montert ei rekke bombefeller med snubletråd og andre innretningar i leilegheita si, som ville ha gått i lufta dersom nokon hadde teke seg inn utan å vere forsiktig.
LES: Drapsmannens leilighet er sikret
Ved hjelp av bomberobot greidde politiet å uskadeleggjere innretningane, og natt til søndag norsk tid hadde politiet klart å fjerne alle sprengladingane i leilegheita.
Kinogjengarar er skeptiske
Massakren på kinoframsyninga i Colorado har sett ein støkk i andre kinogjengarar i USA, og kinosalane har reagert med å sette inn ekstra vakthald.
Åtaket som skjedde under premieren på den nye Batman-filmen, gjorde at 27 år gamle Charlott Kimbell i Illinois var på vakt då ho skulle sjå same filmen.
– Eg kjem nok til å sitte heilt bakerst i dag, langt vekke frå utgangsdørene, fortalte ho i framkant av kinoen i Illinois, ifølgje nyheitsbyrået AP.
Galleri
Les
USA
- Obama: Overvåkningen har reddet liv
- Fotograferte «Det forlatte Amerika»
- Offentliggjør terroravsløringer
- Identifiserer Guantanamo-fanger
- To funnet døde i Colorado-brann
- – USA vil sende våpen til Syria
- Skandaler ryster amerikansk UD
- Her er NSAs nye overvåkningssenter
- Snowden kan få lang straff
- Etterretningskilde avslørt
- Sikter kranfører etter dødskollaps
Nyheter fra verden
Føder på samme sykehus som Diana - Niåring våknet etter ett år i koma
- Singapore kveles av smog
- Tar ikke Obamas utspill på alvor
- Obama vil kvitte seg med atomvåpen
- Obama: Overvåkningen har reddet liv
- Minst 48 drept i angrep i Nigeria
- Karzai brøt forhandlingene med USA
- Fire drept i Afghanistan
- Kan Obama begeistre Berlin?

Kinomassakren i Colorado


