Vulkan på New Zealand vakna etter meir enn hundre års søvn
Tongariro-vulkanen på New Zealand «sov» i 115 år før den braut ut og dekka store område på Nordøya med eit lag av oske.
Publisert 07.08.2012 13:58.
- Skriv ut
Utbrotet av stein og oske frå Tongariro-vulkanen på New Zealand varte i kring ein halv time og dekka eit område på fleire kvardratkilometer med opptil fem centimeter tjukt lag av oske, melder nyheitsbyrået AP.
Fleire av inbyggjarane valde å evakuere heimane sine i den ikkje så tett befolka regionen sentralt på Nordøya.
Fleire vegar vart stengde og nokre innanriksflygningar måtte kansellerast på grunn av oskeskyen.
Det er ikkje meldt om personskadar eller store materielle øydeleggjingar, og innbyggjarane i områda rundt vulkanen driv med oskeopprydding.
(Saka held fram)

Innbyggjarane i Rangipo i Tongariro Nasjonalpark driv med oskeopprydding.
Foto: Marty Melville/AfpKom overraskande på
Seismologane hadde registrert auka aktivitet under vulkanen i fleire veker på førehand, men fekk ingen klare varsel før vulkanen braut ut seint måndag kveld lokal tid.
Aktiviteten har no avteke, men forskarane fylgjer nøye med.
På ein pressekonferanse sa Brad Scott frå overvakingsorganet GNS Science at dei samlar oskeprøver for å sjå om det er spor av fersk magma i den, ein indikator på om det kjem fleire utbrot.
- LES OGSÅ: Etna med årets tredje utbrudd
Kan smelle
Vulkanolog Michael Rosenberg ved GNS Science seier det er for tidleg å forutsjå kva som kjem til å skje vidare, men at ein kan vente auka aktivitet i vekene framover.
– Tongariro, som andre vulkanar, kan bryte ut når som helst og utan førevarsel, seier han i fylgje TVNZ.
Sist vulkanen hadde utbrot var i 1897. Dette markerte slutten på ein tiårsperiode med vulkansk aktivitet. Men no er vulkanen altså i gang igjen.
«Ringenes Herre-vulkan»
Mount Tongariro ligg i nasjonalparken Tongariro National Park, som er eit populært turistområde.
Scener i dei kjende «Ringenes Herre»-filmane vart spelte inn her.
Nokre av hyttene og fjellovergongane nær vulkanen er stengt, men styresmaktene i regionen seier stoda er «business as usual» i resten av nasjonalparken. Altså at dei held ope som vanleg.
- LES OGSÅ: Vulkanutbrot i Colombia
- LES OGSÅ: Vulkaner på vei mot avgrunnen
Kart
Mount Tongariro, New Zealand
Kilde: Google MapsGalleri
Nyheter fra verden
- Opprydningsarbeidet starter i Moore
- Utestenges fra Iran-valget
- Lover gjennomsøking av alle hus
- Slapp så vidt unna tornadoen
- Notre-Dame evakuert etter selvmord
- To uker fengsel for drapsiktelse
- Obama roste lærerne i Moore
- Barneskole knust til pinneved
- Reinfeldt fordømmer volden i Husby
- 24 bekreftet døde i Moore











Vulkanutbrot på New Zealand


