Regjeringa kjem til å foreslå i statsbudsjettet å leggje om bilavgifta slik at miljøvenlege bilar blir billegare.
Men Håndlykken meiner det ikkje er noko hjelp i lågare avgift på dei bilane som slepper ut lite CO2. Han meiner vi bør lære av svenskane og satse på biodrivstoff.
I går møtte statsminister Jens Stoltenberg representantar frå NAF og bilimportørane. Då fortalde han at regjeringa har lytta til innspela deira, og at det no skal bli lågare avgifter frå bilar som slepper ut lite CO2.
Einar Håndlykken i Zero meiner at regjeringa si satsing ikkje vil hjelpe. Det er ikkje noko vits i at nokre bilar slepper ut litt mindre CO2, når biltrafikken generelt aukar.
Han meiner at dersom regjeringa tilpassar avgiftene slik at det verkeleg lønner seg å å bruke biodrivstoff, som ikkje slepp ut fossil CO2, så vil det kanskje ikkje bety så mykje på kort sikt.
Men Håndlykken er overtydd om at det vil bety mykje på lenger sikt.