Strøm-Erichsen og Saab-sjef Åke Svendson - Den svenske forsvarsministeren, Sten Tolgfors, leverer anbod på JAS Gripen-kampfly til forsvarsminister i Noreg, Anne-Grete Strøm-Erichsen. - Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Den svenske forsvarsministeren, Sten Tolgfors, leverer anbod på JAS Gripen-kampfly til forsvarsminister i Noreg, Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Jagarflya manglar prislapp

Produsentane bak det svenske jagarflyet Jas-Gripen og amerikanske Joint Strike Fighter nektar å fortelje kva pris dei krev.

Frå før av er det hevda at flya kjem til å koste mellom 25 og 40 milliardar kroner i innkjøp.

Tilboda deira vart leverte til regjeringa mandag føremiddag.

- Vi har ikkje tenkt å gå ut med nokon pris her og no, men vi har jobba hardt for å kome ned på ein akseptabel pris, seier Åke Svendsson som er sjef for den svenske flyprodusenten Saab.

Tidlegare denne månaden hevda svenskane at deira jagarfly vert mykje rimelegare enn dei amerikanske.

LES: Svenskene lokker med halv pris

Amerikanske Joint Strike Fighter - Amerikansk fly: Ein modell av Joint Strike Fighter. - Foto: AP Photo/Northrop Grumman / Scanpix

Amerikansk fly: Ein modell av Joint Strike Fighter.

Foto: AP Photo/Northrop Grumman / Scanpix

- Det einaste eg kan seie er at vårt tilbod ligg på under 20 milliardar kroner, seier ein representant for Lockheed Martins, som produserar Joint Strike Fighter.

Uansett kva kostnadane endar på, blir prislappen på investeringa den høgste i fastlands-Noreg nokon gong.

- Heilt nødvendig

Det ligg tusenvis av dokument i tilboda forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen fekk i fanget i dag. Mykje er foretnings- og forsvarsløyndommar.

No skal norske fagfolk vurdere kva flya kan yte, økonomiske tilhøve knyta til norsk industri, i tillegg til tryggingspolitiske vurderingar.

JAS-39 - Svensk fly: Ein modell av Jas-Gripen - Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP

Svensk fly: Ein modell av Jas-Gripen

Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP

- Større land kan ha fleire typar jagarfly. Vi må ha ein type fly som kan brukast til veldig mange formål. Vi har eit langstrakt land med store havområde, derfor er det heilt nødvendig å ha eit velfungerande flyforsvar, seier Strøm-Erichsen.

Regjeringa skal ta stilling til dei to tilboda innan utgangen av året.

Russarane skapar problem

Den svenske forsvarministen stadfesta i dag at Sverige skal kjøpe same fly dersom Noreg kjøper svensk.

LES: - Sverige innfrir Norges flykrav

Forsvarsanalytikar Johm Berg meiner Noreg burde leggje ut eit nytt ambod på jagarfly. Har er redd Noreg kan bli utmanøvrert av nye russiske kampfly.

LES: Russiske kampfly kan true Norge

Vil ikkje seie noko

Strøm-Erichsen vil ikkje røpe kven av dei to tilbydarane som ligg best an.

- Det er utruleg viktig at vi er nøytrale i denne prosessen. No byrjar fasen der vi skal ta stilling til tilboda, seier forsvarsministeren.

Ho legg til at regjeringa ikkje berre vil sjå på kostnadene ved sjølve flykjøpa, men kostnadane for heile livssyklusen til flya.

(NRK)