- Vi kan vise kor oljen er før ein prøveborer. Oljeselskapa sparer med det store utgifter.
Terje Eidesmo er administrerande direktør i EMGS, eit selskap i Trondheim som driv med såkalla havbunnslogging. Etter fire år med drift i Trondheim har alvoret no gått opp for dei store oljeselskapa. Det norske firmaet har utvikla teknologi som gjer at dei sparer pengar.
Veit kor verdiane er
Det heile handlar om elektromagnetiske bølgjer. Bøljene sendast ned i havbotnen frå ein wirelinelogg og lagrast i mottakar på havbotnen. Resultatet bearbeidast ved hjelp av ei enorm datamaskin i Trondheim.
Til slutt kan ein ved hjelp av 3D-teknologi vise fram plansjar som syner kor oljen og gassen er. Vanleg seismikkleiting ved lydbølgjer viser berre kor ein trur oljen og gassen er.
- Fleire oljeselskap har allereie nytta teknologien. Sist veke presenterte blant anna Shell to større funn, eit nord for Borneo og eit utanfor Nigeria.
Båe funna er gjort ved hjelp av havbunnslogging, seier viseadministrerande direktør Svein Ellingsrud.
- Kva betyr dette for selskapa?
- Det er klart at dei kan spare enorme kostnader ved å unngå prøveboring der det ikkje er olje. Vi kan påvise olje og gass der den er, slik at ein slepp å bore for å få svar.
Politisk interesse
Etter fire år med drift har selskapet i dag passert 100 tilsette og ei omsetning på 600 millionar. Eventyret stoggar neppe der. Målet for 2008 er 300 tilsette, med pene 1,2 milliard i omsetning.
Slike historier vekkjer gjerne interessa til menn med makt. Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen lot seg imponere då han vitja EMGS i dag.
- Fleire oljeselskap har allereie nytta teknologien, seier viseadministrerande direktør Svein Ellingsrud. (Illustrasjon: EMGS)
- Eg tenkte heile tida under visninga her korleis ein kom på ideen, det er rett og slett imponerande. Dette er ein fantastisk måte å påvise ressursar på. Det vil då gjere det lettare å vise til kva områder som kan opnast opp og kva område som ikkje treng å opnast opp.
- Vil du nytte slik teknologi for å eventuelt opne nye felt?
- Det er i alle fall svært interessant teknologi, så får vi kome tilbake til det, seier olje- og energiministeren.