Dans for meg

Dans for meg (Foto: Wenche Liljedal)

Dans for meg (Foto: Wenche Liljedal)

Det knitra i den kalde snøen
frostrøyk siv ut frå din munn
Vindauga er opplyste kring deg
berre kvelden er mørk og tom

Dine steg lagar ingen merker
til det er marka for kald
Tankeflukt er framdrifta for deg
eit univers av utømmelege rom

Då ser du den spinkle kroppen
framoverbøygd hutrande sit
Eit pappkrus hvirvlande rundt deg
og ein vind kviskrar stille kom

Du legg jakka di ned over ryggen
og i gjerninga allereie snur
Då tek han varsamt etter deg
hans tåre grip deg som flom

Du kan høyre den rustne stemma
og enser hans svake smil
Han ber om lov til å takke deg
idet handa kring di legg seg om

Eg veit det er kaldt her på marka
no vil eg varmast mot himmelen
Der skal du vere lyset for meg
og dei andre gi meg sin dom

Eg skal sjå ned på deg min engel
der du vakkert dansar ikring
Snøen vil smelte bort etter meg
og du bli min vakraste blom

Tekst og bilde er innsendt av Wenche Liljedal

Innlegget ble postet i Kjærlighet, Postkort og tagget , . Bokmerk permalinken.