Om Postkort 2012

Med ei spesiell historie og eit godt bilete, kan du gi kjente norske artistar inspirasjon til å skrive ein spiltter ny norsk melodi.

«Postkort 2012 – Sangen om Norge» er eit samarbeidsprosjekt mellom NRK og Norsk Forening for komponistar og tekstforfattarar (NOPA).

NRK gjennomførte eit likande prosjekt i 2008. Dette prosjektet heitte Postkort fra livet og resulterte i elleve nye norske låtar. I alt kom det inn over 200 bidrag frå folket.

No har du igjen sjansen til å bidra med materialet som kan resultere i ein ny norsk hit.

Elisabeth Strand Mølster er prosjektleder for Postkort 2012. (Foto: Kim Erlandsen/NRK)

Elisabeth Strand Mølster er prosjektleder for Postkort 2012. (Foto: Kim Erlandsen/NRK)

– Målet er å binde saman heile landet på bakgrunn av bilete og historiar frå folk og låtar og musikk frå våre fremste artistar. Det er meininga at låtskrivarar og artistar skal bli inspirert til å skriva ny musikk, på bakgrunn av bidraga som kjem inn frå publikum, fortel Elisabeth Strand Mølster, som er prosjektleiar for «Postkort 2012 – Sangen om Norge».

Eit bilete er alt som skal til, men publikum blir og bedt om å fortelje kvar bilete er tatt og nokre ord om historia bak biletet. Målet er å spegle breidda i Noreg i 2012.

Kven som helst kan delta. Vi ønskjer oss deltakarar frå alle aldersgrupper og nasjonalitetar.

Dette kan vere ei historie frå eit skatemiljø eller ei historie frå kjøkkenet ditt. Uansett historie, skal det spegle året vi er inne i og bli eit dokument for framtida om kvar vi står og korleis vi har det i 2012.

Undervegs i arbeidet kan publikum kommunisere direkte med både artistar og redaksjonen på bloggsida til «Postkort 2012 – Sangen om Norge» .

Slik kan du delta!

Viss du har eit fint bilete og ei god historie. Send det til oss!

  • Last opp biletet og skriv historia sjølv her: Send oss ditt postkort
  • Send oss ein bildemelding på telefonen med kodeord postkort til 1987
  • Kontakt oss via epost på adressa postkort@nrk.no
  • Test Person

    Hei på dere. 

  • FrodeFF

    Står det så ille til med norske artister at de må ha bilder og historier for å skrive låter? Hvis målet er «å spegla breidda i Noreg» burde ikke fokuset stått på bredden av artister som fins og ikke alle de «fremste» artistene som endelig får nok fokus. Synes hele poskort 2012 ikke virker som noe annet enn ensrettet fokus på et ellers så musikalsk folk, nesten helt P3….

    • http://nrk.no/postkort/ Elisabeth Strand Mølster

      Får ikkje håpa det – men dette er ein ny måte å la seg bli inspirert på :)

      Me gler oss til resultatet!