25.05.2013

Morgenandakten tirsdag 19.juni

I dag opnar eg ei av fortellingane frå Det Nye Testamentet som har gjort mest inntrykk på meg, heilt frå tida med bibelhistorie på barneskulen: fortellinga om møtet mellom Jesus og den rike mannen, i Markusevangeliet. ”Då Jesus skulle fara derifrå”, står det, ”kom det ein mann springande, fall på kne for han og spurde: Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?”

Eg ser Jesus reise seg for å gi seg på veg. Han har nettopp refsa sine næraste som ville hindre mødre å kome til han med småborna sine.. Han har løfta opp det barnlege som kongevegen til Guds rike. ”Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det. Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei”.
Det er då han kjem settande, mannen. Eg tenkjer i min fantasi: Det han har vore vitne til, har råka han midt i hjartet, der inne der svolten i sjela bor. Han har sett Jesus ta dei små inn til seg. Han har høyrt Jesus tale. Han har tenkt: no eller aldri. Denne mannen skal få høyre det spørsmålet som brenn i meg: Kva skal eg gjere for å arve evig liv?
Du kjenner boda, seier Jesus. Du veit kva du skal gjere: ikkje slå ihel, ikkje bryte ekteskapet, ikkje lura til deg noko som ikkje er ditt. Den søkande mannen svarar – og ingen tviler på at det er sant : Meister, alt dette har eg halde frå eg var ung.
No kjem den setninga frå bibelhistoria som brende seg inn i mitt barnlege medvit, der orda enno lyser: Då såg Jesus på han og fekk han kjær.
Gode medmenneske: kjenn Jesu kjærleik til den søkande mannnen som har bana seg fram til han. Kjenn korleis kjærleiken dirrar i orda til Jesus: ” Ein ting manglar du. Gå bort og sel alt du eig og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følgj meg”. Høyr og kjenn korleis Jesu kjærlege ord om det som manglar, når mannens hjarte: ”Då han høyrde dette, for det ein skugge over andletet hans, og han gjekk sorgtyngd bort, for han eigde mykje”.
Stor kjæleik og stor sorg. Jesu kjæleik og mannens sorg. Mannens kjæleik og Jesu sorg. Eg kjende det som barn, eg kjenner det no: kor inderleg Jesus ville at denne mannen skulle finne plass i følgjet hans. Og kor umogleg alt var! Kor langt borte fra scena med dei små borna. Høyr Jesu hjartesukk:”Kor vanskeleg det blir for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike. Vanskelegare enn det er for ein kamel å gå gjennom eit nålauge”.
Læresveinane er skaka, reint forstøkte, står det. ”Kven kan då bli frelst? Jesus såg på dei og sa: For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud”.
Eg gjer som mannen. Eg fell på kne. Eg gir Jesus alt eg ikkje tør å gi frå meg. Er det verkeleg mogleg, at Gud kan forvandle meg innanifrå?

Geir Gundersen

Musikk En fattig trubadur Cornelis Vreeswijk

Neste sending: Andakten

Morgenandakt

NRK P1, mandag 27.5. kl. 8.20 | Legg i kalender[?]

Ved Barbro Wiig Sulebakk.

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/andakten.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: andakten@nrk.no

Telefon: 73881400

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.