Tidligere sendinger

NRK1, mandag 9.4.2012 kl. 06.20

Australias villmark

Svensk naturserie (8:8) Hus blir spylte bort, og menneske blir skadde i ein av dei verste flaumane som har ramma Australia. Også mange dyr blir tekne av vatnet og hamnar på plassar dei ikkje høyrer heime. Martin Emtenäs melder seg som frivillig for å hjelpe til med å flytte ulike dyr tilbake til plassen dei kom frå.

NRK1, søndag 8.4.2012 kl. 06.45

Australias villmark

Svensk naturserie (7:8) Nebbdyret er eitt av dei eldste og merkelegaste pattedyra på jorda. Det legg egg og ser ut som ein oter med andenebb og beverhale. Eit anna eggleggjande pattedyr er myrpiggsvinet. Desse merkverdige skapningane er det Martin Emtenäs er mest oppteken av i dette programmet.

NRK1, lørdag 7.4.2012 kl. 06.45

Australias villmark

Svensk naturserie. (6:8) Eit av verdas mest gåtefulle dyr kan bli 1,5 meter langt, vege fleire hundre kilo og lett bli 80 år gammalt. Martin Emtenäs fylgjer havskjelpadda i jakta si på Australias sjel. Dei nyklekte ungane blir fødde inn i ei farleg verd. Berre ein av tusen overlever.

NRK1, fredag 6.4.2012 kl. 06.45

Australias villmark

Svensk naturserie. (5:8) Stor, snill, likar frukt og er kilen. Dette er typisk for eitt av dyra som Martin Emtenäs møter når han utforskar ein av dei eldste regnskogane i verda. Der lærer han seg å skilje mellom giftige planter og dei som kan nyttast som tannbørste. Om det er mykje å oppdage om dagen, er det om natta det verkeleg store mangfaldet byr seg fram.

NRK1, torsdag 5.4.2012 kl. 06.45

Australias villmark

Svensk naturserie. (4:8) Great Barrier Rief er verdas største korallrev. Det er sett saman av levande organismar. Martin Emtenäs har drøymt om å dykke her og ikkje minst få sjansen til å møte ein kval i djupet. Men til tross for at staden verkar paradisisk, lurer uvær og den verste syklonen på 100 år rett rundt hjørnet.

NRK1, onsdag 4.4.2012 kl. 06.45

Australias villmark

Svensk naturserie. (3:8) Krokodillar som lever i saltvatn kan fange og ete omtrent alt, også menneske. Med meir enn 60 tenner i gapet og kjakar med det sterkaste bitet i dyreverda, er det ikkje rart krokodillen blir kalla eit monster. Martin Emtenäs er i Darwin, nord i Australia, og dukkar ned til ein krokodille som er over fire meter lang og dessutan ganske svolten.

NRK2, tirsdag 3.4.2012 kl. 16.30

Australias villmark

Svensk naturserie (8:8) Hus blir spylte bort, og menneske blir skadde i ein av dei verste flaumane som har ramma Australia. Også mange dyr blir tekne av vatnet og hamnar på plassar dei ikkje høyrer heime. Martin Emtenäs melder seg som frivillig for å hjelpe til med å flytte ulike dyr tilbake til plassen dei kom frå.

NRK1, tirsdag 3.4.2012 kl. 06.45

Australias villmark

Svensk naturserie. (2:8) Det finst 702 slag øgler i Autralia, eit eldorado for Martin Emtenäs som er svært interessert i denne arten. Ei av dei største, Rosenbergsvaranen, er utryddingstruga. For å kunne hjelpe øgla, må ein lære så mykje som mogleg om korleis ho lever. Og då må ho fangast.

NRK1, mandag 2.4.2012 kl. 07.00

Australias villmark

Svensk naturserie (1:8) På Kangaroo Island tek Martin Emtenäs for seg den gruppa dyr som vi forbind med Australia, pungdyra. Dei føder ungar som er blinde og berre eit par centimeter store. Desse kravlar sjølve til lomma på moras mage med dei sterke armane sine. Der utviklar dei seg, og etter nokre månader tittar dei ut.

NRK2, tirsdag 27.3.2012 kl. 16.30

Australias villmark

Svensk naturserie (7:8) Nebbdyret er eitt av dei eldste og merkelegaste pattedyra på jorda. Det legg egg og ser ut som ein oter med andenebb og beverhale. Eit anna eggleggjande pattedyr er myrpiggsvinet. Desse merkverdige skapningane er det Martin Emtenäs er mest oppteken av i dette programmet.

Eldre sendinger

Kontakt

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Liknende programmer

Aktuelle programmer: Underholdning