Om Norsk attraksjon

Norsk attraksjon

Norsk attraksjon er programmet som tek deg med til dei ukjende attraksjonane i landet vårt. Med grilldress og skrått blikk guidar programleiar Linda Eide oss med på ei sær og sympatisk reise gjennom det attraksjons-Noreg du ikkje visste fanst.

Tidligere sendinger

NRK1, onsdag 4.4.2012 kl. 17.10

Norsk attraksjon

Linda Eide tek sin siste attraksjonstur i sin berømte grilldress. Og ho toppar heile ferda med ein hyllest til Ole Bulls aller dårlegaste idé, akkompagnert av ingen ringare enn sjølvaste superpianisten Leif Ove Andsnes. Saman tek dei sur musikk til nye høgder. (8:8)

NRK1, tirsdag 3.4.2012 kl. 17.10

Norsk attraksjon

Linda Eide oppsøkjer denne gongen ein kjølebag som får fram det verste i folk, Noregs einaste kyrkjetårn på bakkenivå, ein historisk nordmann som ikkje ligg i grava si og ein tåkelur som kan sprengja trommehinner til himmels. Det heile blir toppa med ei nyvinnande framføring av Mellom bakkar og berg, arrangert for blokkfløyte og tåkelur. (7:8)

NRK1, mandag 2.4.2012 kl. 17.10

Norsk attraksjon

Linda Eide klatrar høgare enn ho vågar og søkk djupare enn ho vil når ei 350 år gammal kanonkule i ein kyrkjevegg krev tidenes rekonstruksjon. Det handlar om slaget på Bergens våg, ei historie som går Hollywood ein høg gang. Bonnie Tyler er vår største Noregsven, men kven var den fyrste? Norsk attraksjon dreg til Halden og finn svaret. Og i Bjørnevatn blir verdas mest ramponeringssikre buss-skur endeleg høgtideleg innvia. (6:8)

NRK1, fredag 30.3.2012 kl. 17.10

Norsk attraksjon

Norsk attraksjon sprengjer alle grenser og dreg heilt plutseleg til Sverige! Eigentleg for å spara pengar, men så syner det seg sjølvsagt at Sverige er langt meir enn berre vårt nærmaste spareland. For fins det ei meir vanvittig løve enn den som står på Gripsholms slott utanfor Stockholm? Neppe! Norsk attraksjon hyllar vårt fantastiske naboland i aust. Heja Sverige! (5:8)

NRK1, torsdag 29.3.2012 kl. 17.10

Norsk attraksjon

Linda Eide mønstrar på og rekonstruerer den villaste overfarten i Atlanterhavets historie. Ferda føregjekk i ein livbåt som vart kalla Brudeegget og lasta med ertesuppe og ladd pistol vart det ein brudeferd som gjekk den i Hardanger ein høg gang. Nord-Europas mest berømte tåke er også ein attraksjon når ein berre ser godt nok etter. Og me møter vi moskusen på Dovre. Korleis kom dette utdøydde dyret til Noreg? (4:8)

NRK1, onsdag 28.3.2012 kl. 17.10

Norsk attraksjon

Linda Eide får med seg heile Øyer i eit desperat forsøk på å redda Fakkelmannen. OL symbolet frå 1994 som vart vist verda rundt, er nemleg truga av skogshogst, og ein hjelpe-kassett er siste utveg for å redda attraksjonen. Noregs mest siterte mann dukkar også opp i programmet, utelukkande fordi det er samfunnsvitenskapleg relevant.(3:8)

NRK1, tirsdag 27.3.2012 kl. 17.10

Norsk attraksjon

Linda Eide jaktar på dei ukjende attraksjonane og finn dei! Verdas mest ignorerte rundkøyring ligg i Horten, og programleiaren må rett og slett kle av seg for å driva trafikkopplæring. Eit uforklarleg lysfenomen svevar over himmelen i Hessdalen, på åttitalet kjent som UFO-bygda. I dag er Hessdalen eit seriøst forskingsobjekt, men kjem lyset som bestilt? (2:8)

NRK1, mandag 26.3.2012 kl. 17.10

Norsk attraksjon

Linda Eide er tilbake med ukjende attraksjonar frå heile landet. I Karasjok er det duka for kuldesjokk, men hjelper det med ull på hovudet, når programleiaren knapt har ein tråd på resten av kroppen? Og korleis kunne eitt hus sleppe unna, då heile Ålesund brann i 1904? (1:8)

NRK1, fredag 2.3.2012 kl. 15.30

Norsk attraksjon

Linda Eide tek sin siste attraksjonstur i sin berømte grilldress. Og ho toppar heile ferda med ein hyllest til Ole Bulls aller dårlegaste idé, akkompagnert av ingen ringare enn sjølvaste superpianisten Leif Ove Andsnes. Saman tek dei sur musikk til nye høgder. (8:8)

NRK2, mandag 27.2.2012 kl. 16.30

Norsk attraksjon

Linda Eide tek sin siste attraksjonstur i sin berømte grilldress. Og ho toppar heile ferda med ein hyllest til Ole Bulls aller dårlegaste idé, akkompagnert av ingen ringare enn sjølvaste superpianisten Leif Ove Andsnes. Saman tek dei sur musikk til nye høgder. (8:8)

Eldre sendinger

Kontakt

E-post: norskattraksjon@nrk.no

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Liknende programmer

Aktuelle programmer: Underholdning