22.05.2012

Slik finn du Gollis

Linda Eide med skiltet for Norsk attraksjon foran Gollis. (Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK)

Sidan 1992 har Gollis stått både ved kommunehuset og på ferjekaien. Dei siste åra har han helde til i skogen.

Lyngen, Gollis sin heimkommune, ligg i Troms. Der finn du ferjeleiet på Lyngseidet.

Viss du er på ferjeleiet ved fjære sjø, ta deg ein tur langs stranda.

Cirka 100 meter frå ferjeleiet og eit stykke opp i skogen, står Gollis i einsam majestet. Jul som påske. Vår som haust.

Tek du ferja frå Lyngseidet til Olderdalen, kan du òg få eit glimt av Gollis. Men ver merksam! Du ser han berre i eit kort glimt når ferja forlet Lyngseidet.

Kven er Gollis?