21.11.2009

Kløft mot kreft

Julia Roberts (Foto: Kevork Djansezian/Scanpix/AP)

Viser du fram kløfta i dag, støttar du ei god sak.

I dag, 3. april er det "National Cleavage Day" - kløftas dag. Det har behå-produsenten Wonderbra i Sør-Afrika bestemt.

I følgje heimesida til kampanjen, støttar du kampen mot brystkreft ved å laste opp eit bilete av kløfta di, og syne den fram i eit biletgalleri saman med kløfter frå heile verda.

Korleis dette støttar brystkreftsaka, seier dog nettsida fint lite om.

Fleire gode saker

Den litt spesielle markeringa starta i følgje Wikipedia i april i 2002, som eit samarbeid mellom behå-produsenten Wonderbra, kvinnemagasinet Cosmopolitan og radiostasjonen 5fm i Johannesburg.

Målet var å gje kvinnene ein dag der dei kunne frigjere seg frå livets strabaser, og nyte den positive merksemda frå sine mannlege medborgarar.

I tillegg donerte Wonderbra etter eige utsagn delar av omsetjinga den månaden til forsking på blodkreft og andre alvorlege sjukdomar.

Grunn til å feire

I dag blir altså den årlege kløftas dag etter sigende markert på arbeidsplassar over heile Sør-Afrika.

Det er nok eit stykkje att før denne "kroppsdelen" får sin eigen flaggdag i Norge, men etter det NRK erfarer må alle slike markeringar starte i det små.

Så om du ønskjer å støtte ei god sak, eller berre feire dine eigne gode saker: fram med kløfta i dag!

(NRK)
FÅ PULS-NYHETSBREV GRATIS. TRYKK HER!

Neste sending: Puls

Puls

NRK1, mandag 23.11. kl. 19.30 | Legg i kalender[?]

Programmet som gir deg et bedre liv.

Flere sendinger

Kontakt

E-post: puls@nrk.no

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK