21.03.2010

Stjernespekka TV-aksjon

Artister i TV-aksjonen (Fotomontasje: Birte Njøsen Horne/NRK)

Hiphop, spelemenn og rockekor er berre nokre av godbitane du får servert under TV-aksjonen.

TV-aksjonen søndag 18. oktober blir ei spanande maratonsending med reportasjar og opplevingar frå innsamlinga til CARE over heile Noreg.

Men i tillegg til store og små augneblink frå alle kantar av landet, blir TV-aksjonen ein musikalsk fest.

Mange av landets største artistar har takka ja til å stille opp gratis til støtte for årets TV-aksjon, og du kan oppleve dei på fjernsynssendinga på NRK1.

Hiphop og barnekor

Tv-sendinga blir sparka i gang med ein av Noregs fremste krimforfattarar, for anledninga attende bak mikrofonen der han først blei kjend med bandet Di Derre.

Jo Nesbø har skrive tv-aksjonslåta «Vi», som har urpremiere i det tv-aksjonen startar klokka 15.

Etter at startskotet har gått, følgjer høgdepunkta i fleng: eit mannskor som serverer rockeklassikarar frå Jokke og Tom Waits, Minor Majority, Aasmund Nordstoga og hiphop-yndlingane Erik og Kriss med barnekorpå scena. Og dette er berre byrjinga.

Jungelboken. Adil Thataal som Mowgli med ulveflokken (Foto: Marius E. Hauge)

Adil som Mowgli i 'Jungelboken'.

Foto: Marius E. Hauge

Det beste frå norske scener

Adil Thathaal, kjent frå «Dansefeber» og suksessoppsetjinga av «Jungelboka» på Det Norske Teatret, skal tolke Michael Jackson.

Heile Noregs Melodi Grand Prix-helt Alexander Rybak skal syne fram sitt andre, men minst like imponerande talent som klassisk fiolinist med Barrat Dues juniororkester.

Det blir også smakebitar frå kritikarroste «Cats», som går for fulle hus på Chat Noir denne hausten.

I tillegg får du høyre Noregs definitive souldronning Noora Noor, viserockveteran Anne Grete Preus og showpianist Ingrid Bjørnov.

Urørt For Care-kandidatene (Foto: Amund Grepperud/Henning Severud/NRK)

Finalekandidatane i Urørt for Care.

Foto: Amund Grepperud/Henning Severud/NRK

Stort engasjement blant undergrunnensmusikarane

Eit av TV-aksjonens mest spanande musikalske innslag er framleis eit ope kort.

NRK Urørt har nemleg utlyst ein storstilt konkurranse for alle uetablerte artistar i Noreg som ønskjer å få ein unik sjanse til å spele låta si for heile Noreg under TV-aksjonen.

Ein fagjury har vurdert heile 162 kandidatar, og no står fem håpefulle artistar att.

- Det har vore utruleg mange sterke låtar, og det er veldig spanande at eitt av desse banda skal spele framfor heile det norske folk 18. oktober. Etablerte artistar gret jo om å få spele på den sendinga, seier juryleiar Mona B. Riise til Urørt om kandidatane.

Du kan kaste deg inn i stemmegjevinga saman med alle norske musikkfans for å avgjere kven som skal få bli «lyden av TV-aksjonen» her!

NRK P3 skal også ha sin eigen maratonaksjon med radiosendingar og konsertar frå Youngstorget i Oslo.

Programledere for TV-aksjonen 2009 (Foto: Anne Liv Ekroll/NRK)

Programleiarane for årets TV-aksjon, f.v.: Haddy N´jie, Dan Børge Akerø og Rune Gokstad.

Foto: Anne Liv Ekroll/NRK

TV-kveld full av godbitar

Dei musikalske høgdepunkta blir krydder i eit sju og ein halv time langt tv-show fullt av underhalding, ettertanke og givarglede.

Programleiarveteran Dan Børge Akerø og Haddy N´jie, kjend frå gruppa Queendom, skal stå i spissen for den direktesende tv-sendinga.

I tillegg skal komikar Rune Gokstad svinge klubba som auksjonarius for TV-aksjonens fargerike nettauksjon.

(NRK)