Hopp til innhold

Dette er distriktsprogramrådet i Rogaland

Dette er distriktsprogramrådet for NRK Rogaland. Det er Kringkastingslova som fastset at det skal vere eit folkevalt råd for kvart distriktskontor, og det vert oppnemnt av fylkestinget for fire år om gongen.

Distriktsprogramrådet

Frå venstre: Ragnar Christensen, distriktsredaktør NRK Rogaland, Hanne Marte Vatnaland, Einar Endresen, Gro Skartveit, Leif Erik Egaas (leiar) og Eirik Faret Sakariassen.

Foto: Ole Andreas Bø

Dette er distriktsprogramrådet for NRK Rogaland. Det er Kringkastingslova som fastset at det skal vere eit folkevalt råd for kvart distriktskontor, og det vert oppnemnt av fylkestinget for fire år om gongen

Rådet er oppnemnt for ein periode på fire år. Frå 2015 til 2019 har Distriktsprogramrådet følgjande faste medlemmer:

Leif Erik Egaas, leiar, Egersund
Eirik Faret Sakariassen, medlem, Stavanger
Hanne Marte Vatnaland, medlem, Ålgård
Gro Skartveit, medlem, Skartveit
Einar Endresen, medlem, Kolnes

Distriktsprogramrådet skal uttale seg om hovudlinene i programverksemda til distriktskontoret og om dei programsaker som vert lagt fram av NRK. Rådet skal vere eit bindeledd mellom NRK og lyttarar, lesarar og sjåarar.

Mandatet til rådet kjem fram av Kringkastingslova § 7-3:

«Distriktsprogramrådene skal uttale seg om hovedlinjene i programvirksomheten ved distriktskontorene og i de programsaker som kringkastingssjefen eller lederen for distriktskontoret forelegger eller som rådet finner grunn til å ta opp.

Kringkastingssjefen og lederen for distriktskontoret kan innhente rådets uttalelse i administrative og økonomiske saker. Det skal være et distriktsprogramråd for hvert distriktskontor. Distriktsprogramrådet skal ha fem medlemmer med personlige varamedlemmer oppnevnt av fylkestinget for fire år.

Et medlem kan bare gjenoppnevnes for én periode. Kongen gir regler om oppnevnelse og sammensetning av distriktsprogramråd der et distriktskontor dekker flere fylker. Kongen kan gi nærmere regler om distriktsprogramrådenes oppgaver og arbeidsmåte.»

Dersom du er misnøgd eller glad for saker og program som NRK Rogaland har laga, er det naturleg å ta det opp med leiinga av distriktskontoret. Men du kan også klage eller rose til distriktsprogramrådet, ved å ta direkte kontakt med leiaren eller medlemmene.

Du kan også nå distriktsprogramrådet ved å sende ein epost. .

.