Hopp til innhold

Dei fekk den verst tenkelege nyheita

I dag føreslo rådmannen i Stavanger å legga ned sjukeheimen deira. – Eg fattar og begriper det ikkje, seier Sigrun Torstensen (75).

Sykehjem blir lagt ned og skolebudsjettene barberes. Dette er blant kuttene rådmannen foreslår for Stavanger neste år. Kommunen skal spare 260 millioner kroner - og for beboerne på Vålandstunet sykehjem er dette dårlig nytt.

VIDEO: Her fortel 76 år gamle Solveig Erga om kva dei tenker om rådmannen sitt budsjett.

I dag presenterte rådmannen i Stavanger store kutt i sitt forslag til budsjett. Eit av sparetiltaka er å stenga dørene ved Mosheim og Vålandstunet sjukeheim.

NRK reiste til den eine sjukeheimen etter presentasjonen, for å treffa menneska som blir råka av kutta. På Vålandstunet si tryggleiksavdelinga sat 75 år gamle Sigrun Torstensen og 76 år gamle Solveig Erga i ein sofa. Dei hadde fått med seg nyheita, og dei var prega.

– Eg fattar og begriper det ikkje, seier Torstensen.

La på seg 14 kilo

– Kva skal du gjera heime? Det er ingen hjelp å få der. Det kjem ein sjukepleiar innom kvar andre veke og spør korleis eg har det, så går dei igjen. Det er den einaste hjelpa eg har, fortel Erga.

– Då eg kom inn her vog eg 41 kilo, og etter eit par gonger her hadde eg lagt på meg 14 kilo. Berre dette seier noko om kva denne plassen gjer med folk, held Torstensen.

Begge er på tryggleiksavdelinga der dei kan koma inn på tovekes opphald ein gong av og til. Men på grunn av svikt i skatteinntektene vil rådmannen nå stenga ned dei ti plassane på denne avdelinga, i tillegg vil dei legga ned to korttidsavdelingar med 32 plassar og dagsenter med plass til 20 brukarar.

Dette har Torstensen vanskar med å forstå.

– På denne avdelinga står det på svært lite pengar. Reisebudsjettet til dei som reiser rundt på oljemesser er nok større enn det som skal til å redda avdelinga her. Me kjem til å bli så sjuke at me må på eldreheim, og der er det i alle fall ikkje plass, seier ho.

– Me har brukt mykje pengar

Utanfor Vålandstunet føreslår rådmannen å leggja ned Mosheim sjukeheim, kutta pleieplassar for eldre i Spania og skjæra ned med 10 millionar kroner i heimebaserte tenester.

Dei har også utsett ferdigstillinga av den nye sjukeheimen i Lervig.

Ordførar Christine Sagen Helgø (H) tar den strame økonomien innover seg.

– Me har brukt veldig mykje pengar på å ha veldig gode tenester i ei tid me har hatt høde inntekter, nå må me redusera og det er sjølvsagt veldig utfordrane og ingen god situasjon å vera i, seier ho.

Ho vil likevel ikkje sei kva ho tenker om dei føreslåtte nedleggingane.

– Det må me diskutera, eg kan ikkje svara på det fem minutt etter rådmannen har lagt fram sitt forslag. Det må gå fram av vårt alternative budsjett, seier ho til NRK.

– Denne plassen betyr alt for meg

For Solveig og Sigrun betyr avgjerslene til politikarane svært mykje nå.

– For oss eldre som vil leva er dette viktig. Det gjer me ikkje om me sitt heime i stovene våre åleine og legg alt over på ungane vår, for dei skal også leva sine liv, seier Torstensen.

– Denne plassen betyr alt for meg, slår Erga fast.

– Så kva tenker du om dei legg den ned?

– Eg har ikkje noko å tenka med då, då er alt vekke. Det er grufullt.