Hopp til innhold

– Det blir ikkje opning denne veka

Skadane etter ferja krasja inn i kaien på Hjelmeland i Ryfylke er større enn det ein først rekna med. Ferja på Riksveg 13 vil i alle fall vera ute av drift fram til neste veke slår Vegvesenet fast.

Hjelmeland - Nesvik er stengt

Ferja går mellom Nesvik, Ombo og Hjelmeland i Ryfylke.

Foto: Google maps

Ferja mellom Hjelmeland og Nesvik

ARKIVBILETE: MF «Hjelmeland» trafikkerer Hjelmeland–Nesvik–Ombo på Riksveg 13 er ute av drift etter den krasja inn i kaien på Hjelmeland.

Foto: NRK Rogaland

Like før klokka 12 i dag smalt det på ferjekaien på Hjelmeland. Ferja MF «Hjelmeland» krasja då ho skulle legga til, og vippemekanismen på ferjebrua kom ut av posisjon. Etter dette har Riksveg 13 stengt for biltrafikk på ferjestrekket.

– Me har bede Vegvesenet om å fiksa ferjebrua og ventar framleis på svar om kor tid dei kan gjera dette, sa regionsjef i Norled, Gaute Gangenes, til NRK.no klokka 17.30.

Klokka 19.00 kan byggeleiar, Eivind Stangeland, i Vegvesenet slå fast at det ikkje blir opning denne veka.

I verste fall går det to veker

– Eg har nett snakka med folka som var ute på ferjekaien og såg på skadane, og kan i visse seia at opninga ikkje skjer før neste veke. I verste fall blir det ikkje opning før ei veke etter dette også, seier Stangeland til NRK.no.

Brua fekk seg ein kraftig støyt då ferja krasja inn i den.

– Eg kunne høyra smellet heilt opp i huset mitt, seier Knut Østerhus, som bur like ved.

Nå må Vegvesenet erstatta ferjebrua med ei anna, som dei har i reserve. Denne må først tilpassast, og det er dette som vil ta tid.

– Me er i full gang med å skilta omkøyring og me jobbar også med moglegheita for å setja inn ei mellombels ferje mellom Nesvik og Tau, seier Stangeland.

Gaute Gangenes i Norled seier at dei framleis ikkje kjenner årsaka til at ferja krasja inn i kaien.

– Me har folk som jobbar med å finna ut årsaka, seier Gangenes.

Lang omkøyring

Bente Thurmann-Nielsen er ei av dei som har fått erfara den heftige omkøyringa. Ho driv ein gard i Erfjord og tok ferja over frå Nesvik i dag tidleg då ho skulle henta heim sauene i Forsand i dag.

Då ho skulle heim i 16-tida køyrde ho tilbake til kaia på Hjelmeland. På det 50 minuttar lange strekket var det ingen skilt som fortalde ho at vegen lenger nede var stengt.

– Då me kom fram fekk me vita at det berre gjekk ein hurtigbåt for passasjerar på grunn av ulukka, fortel Thurmann-Nielsen til NRK.no.

Dermed måtte ho snu og byrja på den lange vegen tilbake. Først til Tau, så over til Stavanger med ferje. Så vidare til Mortavika og ferja over til Arsvågen. Etter dette må ho frå Ropeid med ferje over til Sand og til Erfjord.

– Heldigvis gjekk ikkje sauesankinga så bra, så me har berre ein sau med oss. Dette kan ikkje vera ei særleg behageleg reise for sauene, seier ho.

Ho har ikkje kome lengre enn til Stavanger når NRK snakkar med ho, og ho reknar ikkje med å vera tilbake før i 22-tida i kveld. På vegen har ho ikkje sett eitt einaste skilt.

– Me er veldig skuffa over Vegvesenet. Det er som om dei ikkje bryr seg om oss som bur inne i Ryfylke, seier Thurmann-Nielsen, som også meiner at NRK Rogaland på radioen har opplyst for dårleg om at ferja er innstilt.

Hurtigbåt går i staden for ferja

For at kommunen ikkje skulle bli splitta sette Norled inn hurtigbåt for passasjerar.

– Dei som kan bli henta på andre sida kan dermed bruka dette tilbode til ferja er tilbake i drift. Hurtigbåten går på dei same tidspunkta som ferja, seier Gaute Gangenes.