Hopp til innhold

Fire avfallsbrannar på under eitt år

Farleg røyk har velta ut frå dei fire brannane som har vore i avfallsanlegg i Rogaland på under eitt år. Nå opnar Fylkesmann Tora Aasland for strengare krav til plasseringa av denne type anlegg.

Fleire brannar på miljøanlegg

FIRE BRANNAR: Oppe til venstre; brann på Westco sitt gjenvinningsanlegg i august 2012. Oppe til høgre; Brann på Norsk Metallretur i Mekjarvik i mai 2012. Nede til venstre; brann i Norsk Gjenvinning sitt anlegg på Gausel i januar i 2013. Nede til venstre; brann i eit bilopphoggingsanlegg i Egersund i mars 2012.

Foto: NRK Rogaland

Tora Aasland

Fylkesmann i Rogaland Tora Aasland opnar for strengare krav til plasseringa avfallsanlegg.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

I dag skjer leiken på barnehagar rundt Gausel i Stavanger innandørs, og folk har blitt bedde om å halda vindauge og dører lukka.

Årsaka er brannen som oppstod i går ettermiddag på Norsk Gjenvinning sitt anlegg i Stavanger.

Anlegg i bustadområde

Brannen på Gausel er den fjerde som skjer i Rogaland ved avfallsanlegg det siste året.

Kvar gong har brannvesenet hatt eit strevsamt arbeid med å få sløkka dei kraftige brannen, og dei har åtvara mot giftig røyk frå anlegga.

– I natt er det mykje plaststoff, og stoff frå møbel og anna søppel, som har kome ut i røyken. Det er klart at dette ikkje er særleg bra å pusta inn, seier varabrannsjef i Brannvesenet Sør-Rogaland, Ståle Fjellberg.

At anlegga som har stått i flammar det siste året ligg tett på bustadområde, gjer at røyken frå brannane får ekstra stort skadepotensial.

Her er avfallsbrannane det siste året:

– Kan oppstå gneistar frå søppelkvern

Brann hos Norsk Metallretur i Mekjarvik, Randaberg

Brannen på Mekjarvik.

Foto: Rolf Marnburg / NRK
Brann i bilar ved Egersund

Brannen i Egersund.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK
Brann Forus2

Brannen på Forus.

Foto: Ronny Hjertås
Bran hos Norsk Gjenvinning

Brannen på Gausel.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Kvifor er det så mange brannar i avfallsanlegg?

– Det er eit godt spørsmål. Dette må me prøva å finna svar på saman med kommune og miljøstyresmaktene som gjer avfallsanlegga løyve til å driva, seier varabrannsjefen.

Han har likevel gjort seg nokre tankar om kva det er som gjer at avfallsanlegga er spesielt utsette.

– Det ligg vel i saka si natur at ein ikkje alltid veit kva ein får inn i avfallet, og det kan ha vore ting der som kan ta fyr.

Han seier at det kan oppstå gneistar dersom det kjem metall inn i søppelkvernene, eller at det er gneistar frå motorane sjølv, som kan tenna på søppelet.

– Er tryggleiken god nok på desse anlegga?

– Det vil me prøva å få svar på når me får rapportane frå denne brannen, og kan samanlikna den med dei tidlegare brannane.

Pulverisert ansvar

Kven som har ansvaret for at avfallsanlegga hamnar der dei gjer, og vidare ansvar for beredskapen rundt dei, er det ikkje enkelt å gje eit kort svar på.

Og det er nett det som er problemet, meiner fylkesmann i Rogaland Tora Aasland.

For det er nemleg den enkelte kommune som har planansvaret når eit gjenvinningsanlegg skal bli bygd, deretter er det fylkesmannen som har utsleppskrava på vegner av Klima- og forureiningsdirektoratet.

Om det er fare for eksplosjon kjem direktoratet for samfunnstryggleik- og beredskap inn, og slik held det fram.

– Me tenkar kanskje litt for lite heilskap i dag. Derfor er det vår rolle å spela inn til våre overordna styresmakter at det er eit behov for å få dette til.

Ho opnar nå for strenger krav til søppelanlegg og plasseringa av dei.

– Vårt håp er at dei sentrale etatane kan samarbeide godt om planlegginga, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.