Hopp til innhold

Flaumen kan skade miljøet

Gårsdagens regn på Jæren oversymde fleire åkrar, og mykje jord og gjødsel rann av, det kan skade livet i vassdraga i området.

Flaum på Brusand

Slik såg det ut på Brusand i går etter det kraftig regnvêret. Fleire åkrar i Hå vart oversymde.

Foto: Neil Friestad

Himmelen opna seg på Jæren i går, og den tørre bakken klarte ikkje å ta unna alt.

– Det at det er så mykje nedbør no og mykje avrenning på Jæren, vil jo medføre mykje jordavrenning til elvene, og der det har blitt gjødsla så vil også det renne av, fortel Marit Sundsvik Bendixen i miljøavdelinga til Fylkesmannen i Rogaland.

Og det kan skape ubalanse i vassdraga.

Marit Sundvik Bendixen i Fylkesmannen i Rogalands miljøavdeling

Marit Sundsvik Bendixen i miljøavdelinga til Fylkesmannen i Rogaland.

Foto: Inger Johanne Stenberg

– Det medfører mykje ekstra næring til vassdraga, som me gjerne skulle ha vore forutan. Det er fisk og perlemuslingar og andre ting som lev i vatnet, som vil bli påverka av at dette.

Gjødsel som renn ut i vassdraga kan føre til algeoppblomstring, som trugar anna liv i elvene.

Fylkesmannen vil ikkje rope krise ennå, men håper bønder har teke fordholdsregler for å unngå at gjødsel og jord forstyrrar balansen i vassdraga.

Mange jorde under vatn

– Det er litt uoversikteleg endå. Men me ser det at det har kome ganske mykje nedbør og mange jorde står under vatn, seier Ragnvald Gramstad i Norsk landbruksrådgiving.

Han har brukt tida etter det kraftige regnveret på å reise rundt og sjå på omfanget av skadane. Og at det har rent mykje vekk frå de oversvømte åkrane er han sikker på.

– Eg vil ikkje overdramatisere situasjonen, men reint lokalt så er det mykje næringsstoff som har kome på avvege, seier Gramstad.

Han trur tidleg hausting kan bidra til at skadane ikkje blir så store, men han håpar at regnvêret som er meldt framover kjem litt jamnare fordelt.

– Me er alltid litt optimistar på Jæren, så me håpar at me ikkje får for mange slike episodar som me hadde i går.

Trur ikkje det kan bli verre

Og skulle det koma nok eit kraftig regnskyll dei neste dagane, så er det ikkje sikkert at det blir veldig mykje verre, trur fylkesmannen.

– Ofte renn næringsstoffa av med dei første regnskylla. Og partiklane som ikkje er skylt av allereie, dei er gjerne fastare. Så det er ikkje sikkert at det blir så mykje meir gjødselavrenning om det skulle regne meir, seier Bendixen.

Men du ville ikkje ha gjødsla om det blir meldt meir regn no?

– Nei, då hadde eg venta med det til det var veldig tørt.