Hopp til innhold

Her er appen som felte Frp-toppen

Mobilapplikasjonen «Call Recorder» førte til at Tore B. Kallevig trekte seg som ordførarkandidat for Frp Stavanger. Politikaren er likevel langt frå den einaste som har ein samtaleopptakar installert på telefonen sin.

Mobilopptakar

Når nokon ringer deg på telefonen kan du starta opptaket av både deg sjølv og den som ringer.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I går trekte Tore B. Kallevig seg frå ordførarkandidaturet sitt i Stavanger Framstegsparti. Årsaka er ein app han installerte på telefonen sin. Med denne skal han ifølgje skuldingar ha teke opp politiske samtalar.

Appen Kallevig har på telefonen sin heiter «Call Recorder», ein applikasjon som kven som helst kan lasta ned på telefonen sin, fullt lovleg.

Tore B. Kallevig

Frp-topp Tore B. Kallevig installerte etter jul ein opptaksfunksjon på telefonen sin.

Foto: Ellingsen, Tommy / Scanpix

Mange har opptakar på telefonen

Med programvara kan ein enkelt ta opp alle samtalar ein har, sortera dei, lagra dei, og senda lydfilene til ei e-post adresse. Ifølgje Google Play er «Call Recorder» installert på mellom ein og fem millionar mobiltelefonar verda over, og dette er berre ein av fleire liknande program.

Selskapet Appliqato har utvikla ein av dei mest populære opptaksapplikasjonane, «Ringe Opptak», denne har fått tilbakemeldingar frå nesten ein halv million brukarar, fleire norske.

Med andre ord er det ikkje usannsynleg at du sjølv har blitt teken opp og lagra i ein samtale du har hatt over telefon.

Call Recorder

Med Killer Mobile sin applikasjon Call Recorder kan ein manuelt eller automatisk ta opp alle samtalar ein har på telefonen, enkelt sortera samtalane og i ettertid senda lydfilene av samtalane til e-post adressa di.

Foto: Skjermdump frå Google Play

Lovleg i privat bruk

– Det er opp til menneskes egen moral om dei vil driva med å gjera skjult lydopptak av private samtalar, men me meiner uansett at ein bør innhente samtykke av den ein snakkar med. For ein vil fort føla dette som eit overtramp viss det har blitt gjort opptak av ein samtale og motivet for opptaket er ukjent, seier seniorrådgjevar i Datatilsynet Henok Tesfazghi.

Henok Tesfazghi

Henok Tesfazghi er rådgjevar hos datatilsynet.

Foto: Datatilsynet

Det går eit skilje mellom kva ein gjer som privatperson og kva ein gjer som verksemd.

Her er det Datatilsynet skriv om nettopptak på nettsidene sine:

«Lydopptak som privatpersoner gjør for rent private eller personlige formål reguleres ikke av personopplysningsloven. Du kan for eksempel gjøre opptak av samtaler for å sikre bevis fordi du mener du har et rettskrav som enkeltperson.

Lydopptaket kan likevel være straffbart dersom du ikke selv er tilstede og du gjør opptak med skjult utstyr, eller hvis du selv ikke deltar i samtalen som tas opp.

Du kan ikke bruke lydopptaket til noe annet enn private formål. Du kan for eksempel ikke publisere opptaket på Internett.»