Hopp til innhold

Horne og Steffensen toppar Frp-lista

Solveig Horne og Roy Steffensen toppar lista til Rogaland Frp under stortingsvalet 2017. Det blei bestemt på partiet sitt nominasjonsmøte laurdag.

Nominasjonsmøte Rogaland Frp

Rogaland Frp sine toppkandidatar under neste stortingsval.

Foto: Frp

Terje Halleland og Atle Simonsen følgjer på plassane bak (sjå heile lista nedst i artikkelen).

– Eg er stolt, audmjuk og full av kampglød, seier Solveig Horne, ifølge ei pressemelding frå partiet.

– Nå startar den lange valkampen kor me skal sikra eit sterkt mandat for å bygga landet vidare med å framleis redusera etterslepet på veg, framleis senka skattane og halda fram oljeeventyret i Rogaland, seier ho vidare.

Roy Steffensen og Terje Halleland trekkjer begge fram samferdsel og nye arbeidsplassar på spørsmål om kva som blir dei viktige utfordringane framover, ifølge pressemeldinga.

Slik blei Frp sitt listeforslag:

1. Solveig Horne

2. Roy Steffensen

3. Terje Halleland

4. Atle Simonsen

5. Nina Ve Sæbø

6. May Helen Hetland Ervik

7. Tore Andreas Haaland

8. Svein Erik Indbjo

9. Ketil Solvik-Olsen

10. Kari Raustein

11. Pål Morten Borgli

12. Margrete Dysjaland

13. Thor Inge Kalberg

14. Leif Arne Moi Nilsen

15. Aleksander Egeli

16. Tom Henning Slethei

17. Espen Aaserud Karlsen

18. Tor Bernhard Harestad

19. Petter Korneliussen

20. Bente Thorsen