Fakta
Se bildegalleri frå Utstein Kloster
Kjem du til Utstein Kloster i dag får du truleg ei aha-oppleving. Dei grå klebersteinmurane er nå blitt middelalder-kvite.
Debatten før fargeskifte har vore både lang og hard, og nå spørs det kva både tilhengjarar og motstandarar meiner etter hamskiftet.
Det var mange som meinte at klosterstemninga ville bli øydelagt, og fargen på den grå klebersteinen ligg nok på netthinna hjå dei fleste ennå. - Men eg får positive kommentarar frå folk, seier Jørg Eirik Waula som er direktør ved Utstein Kloster stiftelsen, sjølv om det er mange som ville hatt klostrert slik det var. For bare 70-80 år sidan var klosteret kvitkalka, fortel han.
- Det er umogeleg å seie når me kan sette sluttstrek for arbeidet med restaureringa, seier han, for har ein fått ein kvitkalka bygning må den jevnleg vedlikehaldast. Men hovedrestaureringa håper me skal væra ferdig ein gang ut i neste år eller i 2005, sier Waula.