Hopp til innhold

Tre menn tekne etter knivstikking

Ein mann i 20-åra blei knivstukken ved ferjekaia på Tau i Strand måndag kveld. Politiet har teke tre personar som hoppa på ferja til Stavanger like etter hendinga.

Tau ferjekai

– Me jobbar med å få oversikt over kva som har skjedd, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt Olaug Bjørnsen til NRK klokka 00.13 om dramatikken på Tau ferjekai måndag kveld.

Det var i 22.15-tida politiet fekk inn melding om ein mann som var knivstukken ved ferjekaien.

– Han kom seg inn på Prix-butikken etter å ha blitt stukken med kniv, og fekk varsla politiet frå butikken, opplyser operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Toralv Skårland.

Ikkje alvorlege skader

NRK fekk først opplyst at han også skulle ha blitt rana, men det kan hende at det er ein annan person som blei rana.

– Me har to fornærma og me har teke tre personar, seier Bjørnsen.

Dei tre personane blei tekne i Stavanger, då dei skal ha kome seg på ferja etter knivstikkinga på Tau.

Mannen som blei knivstukken skal ikkje ha fått alvorlege skader, opplyser politiet til NTB.

– Det er ikkje snakk om alvorlege skader. Me har patruljar der ute som nøstar opp i kva som har skjedd og snakkar med vitne og fornærma. De i tre som er tekne vil ikkje bli avhøyrt før i morgon, seier Bjørnsen.