Hopp til innhold

Her held han to fly tilbake med berre armane

Sjå innslaget frå 1987 – då legenda Torkel Ravndal hadde fått nok av styrkeshow i Norge.

Sjå innslaget frå 1987 – då legenden Torkel Ravndal hadde fått nok av styrkeshow i Norge.

►ROGALAND RETRO: Løfta som er med i innslaget er frå 60-talet. Intervjuet blei sendt 3. desember 1987. Medan Det siste innslaget er frå 15. september 2004, to dagar etter Ravndal døydde.

Det er VM i styrkeløft i Stavanger denne veka, og i Rogaland retro har me i dette høvet funne fram klipp med Torkel Ravndal; verdas sterkaste mann frå Figgjo.

Ravndal løfta heile 375 kilo i markløft og reiste land og strand rundt med sine styrkeshow der han bøygde hesteskor og andre gjorde andre karsstykke.

I 1987 hadde han likevel fått nok av Norge og alle dei fulle folka som kom på styrkeshowa hans. Han ville til USA der dei framleis respekterte det han dreiv med. Dette snakkar han om i intervju med John Skien i videoklippet.

Det blei likevel aldri ei flukt frå Norge for Ravndal, og i 2004 døydde han 67 år gamal. NRK Rogaland laga då eit innslag om Ravndal som du også finn i videoklippet. Der blir Delillos sin song om Ravndal brukt. Ein hyllest til den sterke mannen.

«Engang den beste i europa

Torkel Ravndal

Fra den gang vi satt foran tv'n og kopa

Med et stønn løftet han et tonn

Og etterpå sa han at formen var på bånn»

Sjå Arve Opsahl og Torkel Ravndal på Momarkedet i 1970 – ut frå lyden er det nok av fulle folk i publikum her:

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK