Hopp til innhold

Kan ta eit halvt år å få erstatning etter flaumen

Det kan ta over eit halvt år før alle som har rett på det, får naturskadeerstatning etter det kraftige regnvêret som råka særleg Vigrestad og Brusand i Hå den sjuande august.

Bonde Laurits Stokkeland (t.v.) og lensmann i Hå, Oddvar Tengesdal

BONDE OG LENSMANN: Bonde Laurits Stokkeland (t.v.) og lensmann i Hå, Oddvar Tengesdal

Foto: Marianne Terjesen / NRK

Over 40 personar møtte opp då lensmannen i Hå inviterte til informasjonsmøte om naturskadeerstatning etter tidenes våtaste august månad i kommunen.

Mange utolmodige

Bonde Laurits Stokkeland på Brusand

MISTA 20 MÅL: Bonde Laurits Stokkeland.

Foto: Mari Friestad / NRK

Mange er utolmodige med å få erstatning etter flaumen, men det kan gå lang tid før dei får noko som helst. Det kom fram på eit informasjonsmøte på Brusand bedehus i går kveld.

Dei bøndene som har fått skade på til dømes vegar og jorde kan få erstatning, men dei som mista avling kan ikkje rekna med å få noko.

Regnet øydela om lag 20 mål av avlingane til bonde Laurits Stokkeland på Jæren.

– Eg vart eigentleg ikkje så mykje klokare etter dette møtet. Eg har fått stadfesta det eg rekna med; at naturskadefondet mest truleg ikkje dekker dette, og at skadane er for små, seier han.

Grønnsaksåker under vann

STORE SKADER: Biletet til venstre er teke då vatnet fossa inn over gulrotåkeren til Laurits Stokkeland den sjuande august. Biletet til høgre er tre veker seinare.

Foto: Privat/NRK

Det er fleire ulike ordningar som gjer at ein kan få erstatning, og naturskadefondet dekker ikkje alt.

– Eg trur det er lettare å få erstatning dersom skaden blir stor nok i forhold til den produksjonen ein held på med. Her i Hå er det ingen som har skader som gjer at ein kan få erstatning for avlingsskade, held Stokkeland fram.

Kan gå seks månader

– Kor tid kan folk forventa å få erstatning?

– Det avheng blant anna min innsats. Det er klart at når det er så mange skader, så vil det ta litt tid, seier lensmann Oddvar Tengesdal, før han held fram:

– Så får me håpa at nokre av tilfella får forenkla handsaming, som har ei beløpsgrense på 100.000 og vil kunne handsamast litt raskare. Men dei som skal handsamast som ei ordinær sak kjem til å ta litt tid, seier lensmannen.

Informasjonsmøte om naturskadeerstatning

OVER 40: Over 40 personar møtte opp på informasjonsmøtet tysdag kveld.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

Lensmannen i Hå har fått inn over 40 saker i samband med det veldige regnvêret. Difor følte Tengesdal at eit felles informasjonsmøte var på sin plass.

– Det var eit ønskje om å få gjeve felles informasjon til alle dei råka. Når desse enkeltpersonane har vore i kontakt med lensmannskontoret har dei nok fått litt ulik informasjon, og då eg kom tilbake frå ferie og fekk summa meg litt så fann eg ut at det var fornuftig å kalla inn til felles informasjonsmøte.

– Eg håpte på 20–30 personar, i staden for kom det dobbelte, så det er veldig bra.

Dokumenter skaden!

Gunn Eide

INFORMERTE PÅ MØTET: Gunn Eide, seksjonssjef i landbruksdepartementet.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

Gunn Eide, seksjonssjef i landbruksdepartementet, var også til stades for å informera.

– Naturskadeerstatninga dekker skade på privat eigedom, skade på grunn, vegar og installasjonar som ikkje er omfatta av forsikringsordningar.

– Avlingsskade er avhengig av at ein får betydeleg reduksjon i avlinga, og det er noko heilt anna, held ho fram.

– Kjem det til å ta lang tid?

– Det tek noko tid. Me går gjennom kvar sak og førebur den for styret i Statens naturskadefond om det er store saker, og me har fullmakt til å behandla i mindre saker.

Ho seier at det ikkje er noko i vegen for at folk kan byrja å reparere skadane med ein gong, men at det då er ein ting som er særs viktig:

– Då må ein dokumentera skaden godt før ein set i gong, slik at skaden kan takserast, seier ho.

– Færre trafikkontrollar og meir hjelp

Bonde Stokkeland avslutta med å koma med ei aldri så lita oppfordring til lensmannen:

– Eg vil oppfordra lensmannen til å bruka litt mindre ressursar på trafikkontrollar og heller hjelpa bøndene dei neste vekene. Så trur eg at dei som brukar vegane vil bruka hovudet i trafikken i den perioden.

– Ønskjer lensmannen å kommentera det?

– Eg tykkjer den kan stå litt for eiga rekning, men kanskje han har eit poeng, avsluttar lensmannen med litt glimt i auga.