Hopp til innhold

Omkom i arbeidsulukke

Ein svensk arbeidar (43) døydde i går kveld då noko gjekk gale under ein lasteoperasjon på Tananger i Sola kommune. Både politiet og Arbeidstilsynet etterforskar ulukka.

Litt over ni måndag kveld melde politiet om ei arbeidsulukke på Baker Hughes på Tananger i Sola. Ein svensk mann på 43 år mista livet.

– Meveit at det skjedde i samanheng med lasting av eit vogntog. Noko meir veit me ikkje ennå, seier politioverbetjent Ola Johan Røykenes ved Nordsjø- og miljøseksjonen i Rogaland politidistrikt til NTB.

Arbeidstilsynet er også varsla, og skal saman med Arbeidstilsynet etterforska hendinga.