Hopp til innhold

UP-sjef: «Ooooops, jeg har tråkket på noen ømme tær»

UP-sjef for Rogaland og Agder, Øystein Krogstad, prøvde å bruka humor då han snakka om syklistar på radio. Etter fleire tilbakemeldingar frå sinte syklistar går han nå ut og beklagar seg.

Øystein Krogstad i Utrykningspolitiet

Sjef for utrykkingspolitiet i Rogaland og Agder, Øystein Krogstad, har fått mykje kjeft på sosiale medier etter han uttalte seg om syklistar på direktesendt radio

Foto: Morten Rosenvinge / NRK

Hulda Tronstad

Hulda Tronstad, i Syklistenes Landsforening, likte ikkje måten UP-sjefen generaliserte syklistar på.

Foto: Privat

«Jeg prøvde å sette fokus på noe som jeg ser på som et problem, nemlig trafikksikkerhet og samspill i trafikken. Men jeg kunne formulert meg annerledes.»

Dette skriv sjef i utrykkingspolitiet i Rogaland og Agder, Øystein Krogstad, i ein fersk epost til Syklistenes Landsforening.

Han har også gått ut på sin eigen Facebook-konto og bedd om årsak til alle syklistar, som har blitt såra av det han sa i direktesendt radio på tysdag.

Gjekk ut mot overvektige syklistar

Det var då NRK Rogaland skulle snakka om farlege skulevegar i radiosendinga UP-sjefen blei invitert. I intervjuet kom Krogstad med eit par sleivspark til syklistar som syklar i vegane.

Han sa mellom anna følgande:

– Dei som kjem i kondomdress, med racersykkel og bukkestyre, og pustar og pesar og er overvektige og køyrer midt i vegen, dei kan du ha for meg, altså.

Dette falt ikkje i spesielt god jord hos syklistane, og dagen etter var informasjonssjef i Syklistenes landsforening, Hulda Tronstad, gjest i same radioprogram, og slo tilbake.

– Det er trist at ein UP-sjef må generalisera så veldig for å få fram eit poeng. Han bør vera glad for kvar einaste ein som syklar framføre å køyra bil, sa Tronstad.

Også på Twitter lét ikkje reaksjonane venta på seg. Mange kritiserte også at UP-sjefen sa at syklistane ikkje hadde lov å sykla over gangfelt. Noko som er feil.

Her er ei av meldingane som kom ut.

Laster Twitter-innhold

Høyr radioinnslaga:

– Eg sa feil

Krogstad har i tillegg til dei offentlege meldingane på internett også blitt kontakta direkte av fornærma syklistar, og han legg seg flat når det kjem til faktafeil.

– I farta blei det feil det eg sa om at syklistar ikkje kan sykla over gangfelt, eg veit det. Men bodskapen min var at dei dersom bilane skal ha vikeplikt, må syklistane gå over gangfeltet. Men viss det ikkje kan oppstå farlege situasjonar, kan dei sykla over gangfeltet, seier han i dag.

Når det kjem til karakteristikkane av treige syklistar, innrømmer han at han også bomma litt.

– Eg prøvde å bruka humor for å få fram at alle ikkje treng å sykla i vegen. Eg er sjølv i 50-åra, har stor mage og syklar ikkje spesielt fort. Derfor gjer det meg heller ingenting å sykla i gang- og sykkelstien, seier han.

Han beklagar formuleringa til dei som blei såra, noko som også kjem fram i brevet han skreiv til syklistane, der det mellom anna står dette:

«Ooooops, jeg har tråkket på noen ømme tær. Jeg prøvde bare å fokusere på at bilister og syklister må ta hensyn til hverandre.»

Ein av dei få som har teke UP-sjefen i forsvar på Twitter, er stortingspolitikar Geir Pollestad i Senterpartiet:

Laster Twitter-innhold

– Han har hatt ein dårleg dag på jobb

Hulda Tronstad, i Syklistenes Landsforening, seier at dei noterer seg beklaginga.

– Han har hatt ein dårleg dag på jobb, der han har blanda eigne kjensler med sleivete formidling av lovverket. Ser me strengt på det kan me sei at dette er ein tenestemann, som burde formidla lova korrekt, seier ho.

Ho trur heller ikkje at han forstår fullt ut kor sårt det kan vera å gå ut mot syklistar på denne måten.

– Det er mange syklistar der ute som ikkje kjenner seg velkomne i trafikken frå før. Slik me ser det burde syklistar bli sett mykje meir pris på av både politi og andre, seier ho.

Nå håper ho at merksemda rundt denne saka kan føra til noko positivt.

– Me håper politidirektoratet legg merke til manglande kompetanse om sykling i politiet, og at dei gjer noko med, avsluttar Tronstad.