Hopp til innhold

Prisdryss på Gladmatens siste dag

På Gladmatens siste dag vart det delt ut prisar for både smaksrike rettar og kreative stander.

Vinnarar vart kåra på Gladmatens siste dag.

Tine fekk prisen for beste stand under årets Gladmat-festival.

Seks matbloggarar sat i juryen som kåra årets vinnarar. Dei har smakt seg gjennom mat frå 100 ulike utstillarar på Gladmatfestivalen.

Gladmatjuryen delte ut prisar til beste smårett, beste stand, og beste matoppleving. I tillegg delte dei ut eit diplom til årets nyskapar.

Beste smårett

Alle utstillarane på Gladmaten må ha ein smårett som kostar maks 30 kroner, og den beste blei i dag premiert. Årets tema på festivalen har vore "Få smaken på noko nytt", det var også eitt av kriteria for årets smårett. I tillegg har juryen sett på bruk av råvarer, tilberedning, kvalitet, og kopling til bedrifta.

Prisen for beste smårett gjekk til Scandic.

– Eit flott konsept

I kategorien beste gladmatstand la juryen vekt på korleis standen såg ut, og om dei følgde årets tema. Og det var Tine sin stand som stakk av med prisen.

I grunngjevinga frå juryen heiter det at Tine har laga eit flott konsept, der dei tek både unge og vaksne på alvor. Årets tema er også ivareteke gjennom alle ledd, dei viser ulike smaksvariantar og smakskombinasjonar.

To prisar til Tango

Gladmat-festivalen handlar om formidling av gode matopplevingar, og i år meinte juryen at det var Tango som hadde gitt publikum dei beste matopplevingane.

Men det var ikkje den einaste prisen Tango stakk av med. Gladmaten har også ein eigen barnejury, og i år kåra dei Tango til Barnas Gladmatfavoritt.

Barnejury på Gladmaten

Barnas gladmatfavoritt vart Tango.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I tillegg fekk også Sjøhuset skagen eit diplom og heiderleg omtale, juryen meinte det var årets nyskapar.

Aftenbladet sin restaurantpris vart gitt til Spiseriet, restauranten i Konserthuset.

Restauranten Spiseriet vann Aftenbladets restaurantpris under Gladmaten.