I dag blei dei innleiande rundane i Klassequizen avslutta med Lundehaugen ungdomsskule, som fekk solide ti poeng. Det var likevel ikkje nok til å nå heilt opp.
- Les òg:
Håvåsen blei den solekalare vinnaren av dei innleiane rundane med 12 av 12 poeng.
Her er skulane som er vidare:
- Håvåsen ungdomsskule (Haugesund) (12p)
- Høyland ungdomsskule (Sandnes) (10p)
- Nedstrand barne- og ungdomsskule (Tysvær) (10p)
- Undheim skule (Time)
Vinnaren skal til Oslo
Det blir Håvåsen mot Høyland den 4. april og Nedstrand mot Undheim den 6. april. Dei blir sende på NRK Rogaland si ettermiddagssending i radioen, slik som dei innleiande rundane. Det blir deretter ein lokal finale den 13. april.
Alle skulane som har delteke så langt er invitert til å bli med som publikum i finalane.
Det er vinnaren av den lokale finalen som får reisa til Oslo og bli med i den TV-sende landsfinalen i Klassequizen 2016.
- Les òg: