– Eg vil bli best mogleg. Eg ønsker å bli med i junior-VM i år, OL i Barcelona i 1992 og kanskje proff dersom det går bra i OL, seier ein ung Ole Klemetsen til NRK-reporter John Skien, i ein av dei første TV-reportasjane som blei laga om Stavanger-boksaren.
Første boksereportasjen på TV
Tre år seinare var alle desse måla innfridde og meir til. Han fekk også VM-bronse og EM-bronse i lett mellomvekt 1991. I 1992 var Ole "Lukkøye" Klemetsen proff. Ei karriere som heldt fram til 2001, då hadde han vunne 45 proffkampar av 51.
I Rogaland retro innslaget møter me Ole mellom anna på trening saman med faren John «Big John» Klemetsen, som døydde i 2008.
Det var det første bokseinnslaget som blei sendt i norsk fjernsyn, og måtte godkjennast på øvste hald av fungerande kringkastingssjef Olav Nilsen.
Denne veka blei det klart at Ole gjer comeback i bokseringen showkampen mot Alexander Ullenes Hagen frå Flekkefjord.
- Les òg:
Send inn tips
«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.
Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.