Hopp til innhold

Kritisk til at Erling Braut Haaland frontar mobilspel: – Vanedannande

Fotballstjerna Erling Braut Haaland er den første verkelege personen som blir ein karakter i spelet Clash of Clans. Spillavhengighet Norge meiner spelet har funksjonar som kan minna om hasardspel.

Haaland Clash of Clans

Slik ser karakteren basert på Haaland i spelet ut.

Foto: Supercell

Det er trist og strengt tatt unødig. Me er ikkje nøgde i det heile tatt, seier Magnus Pedersen, rådgivar i Spillavhengighet Norge.

Organisasjonen er ikkje begeistra over speltypen Manchester City-stjerna har valt å fronta mobilspelet Clash Of Clans.

Spelet, som blir spela av millionar over heile verda, gjer det no mogleg å velja Haaland som utsjånaden på karakteren «Barbarian King».

– Han frontar eit ganske avhengigheitsskapande spel, seier Pedersen, som peiker på at Haaland har stor påverknad på veldig mange unge.

Erling Braut Haaland tok seg tid til å ta bilder sammen med fansen

Fotballstjerna har mange unge som ser opp til han. Derfor burde han ikkje fronte et mobilspel som kan føre til avhengigheit, meiner Pedersen.

Foto: Maja Mathisen / NRK

– Plutseleg er det gått mykje pengar

Pedersen forklarar at Clash of Clans i utgangspunktet er gratis, men at det er laga på ein slik måte at ein skal bli avhengig av det.

Om du ikkje vil vente på at alle oppgåvene skal bli gjort, kan du betala deg vidare i spelet.

Du kan altså bruka pengar for å fremja di eiga posisjon i spelet. Det er det fleire som vel å gjer, ifølgje Pedersen.

Organisasjonen har blitt kontakta av både vaksne og born som opplev avhengnad av nett dette spelet.

Magnus Pedersen, politisk rådgiver i organisasjonen Spillavhengighet Norge

Politisk talsperson i Spillavhengighet Norge, Magnus Pedersen.

Foto: Spillavhengighet Norge

– Gratisspel freistar veldig for born og unge, som kanskje ikkje har så mykje pengar i utgangspunktet, seier han.

Ifølgje Pedersen er det ofte ikkje er dei store summane det kostar å kjøpe seg vidare i spelet.

– Men ti kroner her og ti kroner der. Plutseleg har det gått ganske mykje pengar, forklarar han.

Det har ikkje lukkast NRK å koma i kontakt med Team Haaland.

– Skummelt produkt

NRK har tidlegare fortalt om korleis born kjøper «skins» frå dataspel og bruker dei som valuta i hasardspel på nett.

Spillavhengighet Norge etterlyser lovgiving som vernar born frå den type marknadsføring, som dei meiner er eit veksande problem.

– Me meiner soleklart at det er eit skummelt produkt, og at det har hasardspel-liknande funksjonar i seg, seier Pedersen.

Dei får støtte frå Inger Lise Hansen, generalsekretær i organisasjonen Actis, som jobbar med avhengigheit.

– Det er kynisk av Supercell å bruka eit idol som Haaland for å selja eit mobilspel retta mot born. Dei utnyttar at unge skal kjøpa Haaland-karakteren for å oppnå tilhøyrsle og status, seier ho.

Generalsekretær i Actis, Inger Lise Hansen

Generalsekretær i Actis, Inger Lise Hansen.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold / Actis

Hansen meiner mange mobilspel i praksis er ein marknadsplass for reklame retta mot born.

Produsent avråder overdriven speling

– Spelprodusentar som Supercell tenar store pengar på mikrotransaksjonar. Det er spesielt spekulativt at dei bruker Haaland i spelet sitt, som særleg appellerer til born og unge, seier ho.

Organisasjonen meiner det er godt kjent at mange spelprodusentar nyttar seg av manipulative design, for å få spelarane til å kjøpa «skins».

Dei meiner Haaland-karakteren særleg vil appellera til unge gutar. Det er den gruppa, som ifølge forskinga, er spesielt utsett for å få problem med penge- og dataspel.

– Haaland viser dårleg dømmekraft når han sel seg og namnet sitt til eit spel som Clash of Clans. Det er nok av andre arenaer han kan bruka kjendisstatusen sin på, meiner Hansen.

Spelselskapet Supercell, som står bak Clash of Clans, skriv i ein e-post til NRK at dei ynskjer eit sunt forhold til spelet deira:

«Derfor lagar me spela våre slik at dei avråder overdriven speling. Me har introdusert ulike verktøy, slik at foreldre kan avgrensa speletida til borna. Våre spel er alltid gratis å lasta ned, og omtrent 80 prosent av dei aktive spelarane våre brukar aldri pengar på spela våre», skriv dei.

NRK forklarer

Kva er Clash of Clans?

Kva er Clash of Clans?

Clash of Clans er eit strategispel for nettbrett og smarttelefonar, laga av spelprodusenten Supercell. Spelet vart først publisert i 2012, og har sidan då blitt eit av dei største mobilspela i verda.

Kva er Clash of Clans?

Kva kostar det?

Spelet er gratis å laste ned, men tilbyr brukarane å kjøpa valuta i spelet.
Det er ikkje noko krav om å kjøpa denne valutaen for å spela, men den gjer det enklare å overkomma dei ulike utfordringane som spelet gjer ein.

Kva er Clash of Clans?

Kva er "skins"?

"Skins" er eit av dei produkta ein kan kjøpa for valutaen i spelet.
Dei endrar korleis karakteren sjår ut, kva animasjonar dei kan utføra og til tider kva animasjonar ikkje-spelbare karakterar, knytt til karakteren, kan utføra.
"Skins" gir i seg sjølve inga fordeler i spelet.

Viktig at vaksne engasjerer seg

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet.

Ho seier til NRK at dei vil oppfordra vaksne rollemodellar til å bruka posisjonen sin for å bidra til at dataspel skal vera trygge og inkluderande for born og unge.

– Interesse og engasjement frå føresette og andre vaksne er viktig i dataspel, som med andre fritidsaktivitetar born deltek i, seier Velsand.

Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Det er svært få spelavhengige i Noreg, men det kan jo vera folk som spelar så mykje at det går utover andre ting, sjølv om dei ikkje kvalifiserer til ein diagnose, seier Velsand.

Foto: Mathias Fossum

Velsand vektlegg kor viktig det er at vaksne set seg inn i ulike spel, spesielt når det kan vera pengar involvert.

Ho oppfordrar foreldre og føresette om å ha ein open dialog og setta tydelege grensar.

Med ein open dialog mellom føresette og born, meiner ho det vil vera enklare for born å gå til dei vaksne om dei opplev noko ubehageleg eller skremmande medan dei spelar.

– Dette er viktig for tryggleiken til borna, seier Velsand.

Velsand trekk òg fram at dei som allereie isolerer seg igjennom dataspel, ofte har andre problem, og at spel då kan bli ein positiv meistringsarena.

– Ein tommelfingerregel kan vera; dersom spelinga ikkje går på bekostning av daglege aktivitetar og relasjonar som skule, samver med familie, venner eller søvn, er det lite grunn til å vera uroa.

Mari Velsand Direktør i Medietilsynet