Hopp til innhold

Nordlie fiksa jubel på Viking stadion

Sjå innslaget frå 2006 – då Viking sikra plassen sin i eliteserien og Bryne sikra seg kvalifiseringsplass i førstedivisjon.

Sjå innslaget frå 2006 – då Viking sikra plassen sin i eliteserien og Bryne sikra seg kvallifiseringsplass i første divisjon.

►ROGALAND RETRO: Innslaget blei sendt dagen etter kampen. Den 5. november 2006.

I morgon debuterer Tom Nordlie som trenar for Sandnes Ulf, og etter mirakelet han utførte i Viking i 2006 ser forventningane til trenaren stor.

Serieavslutninga mot Brann er ein kamp som har gått ned i Viking-historia som eitt av dei mest dramatiske augneblikka.

Peter Ijeh scora fire mål då Viking slo Brann 5 – 0, og dermed berga plassen sin i eliteserien. Trenaren Tom Nordlie hadde dermed klart det han blei henta til den søkkande Stavanger-skuta for å klara.

Bryne til kvalifisering

For ekstra interesserte kan du i slutten av innslaget også få med deg at Bryne ordna kvalifiseringsplass.

Den spelte dei mot Odd, med Erik Holtan mellom stengene for Bryne på grunn av to skadde målvakter. Kvalifiseringskampane blei eit trist kapittel i Bryne-historia.

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK