Politiet fekk melding om trafikkulukka klokka 13.18. Kollisjonen skjedde på fylkesveg 44 like ved ambulansestasjonen på Bekkeheien i Hå. To vogntog var involvert i ulukka.
– To vogntog har frontkollidert, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Kurt Løklingholm til NRK.no.
Klokka 15 bekreftar Rogaland politidistrikt at det er snakk om ei dødsulukke.
– Ein person omkom i ulukka, seier operasjonsleiar Geir Gjesdal.
To førarar og ein passasjer
Tre personar var involvert i ulukka. To av dei var sjåførar, den tredje passasjer. Begge dei skadde, ein mann i 20-åra, og ein mann i 40-åra, fekk lettare skader, ifølgje Stavanger universitetssjukehus (SUS).
– Meir veit vi ikkje. Teknikarar skal undersøka ulukkesstaden nå, seier Gjesdal klokka 15.
Klokka 18.30 var situasjonen den same. Vegen var stengd, og krimteknikarar var saman Statens vegvesen si ulukkesgruppe i gang med undersøkingar på staden.
Vegen stengd i fleire timar
Klokka 20.30 var krimteknikarane og ulukkesgruppa ferdige med åstaden. Køyretøya låg framleis ved og delvis i vegbana.
– Vegen kjem til å vera stengd i to-tre timar til, melde Rogaland politidistrikt på Twitter.
Det betyr at fylkesveg 44 tidlegast opnar klokka 22.30.
Blei sitjande fastklemd
– Det er ei alvorleg ulukke. Ein av sjåførane var fastklemde i bilen etter ulukka, men eg har førebels ikkje informasjon om han har blitt teken ut, sa Løklingholm til NRK.no. klokka 14.
Fylkesveg 44 blei heilt stengt for trafikk ved Rimestadkrysset, der ulukka skjedde. Dette er hovudvegen på Jæren, og vanlegvis svært trafikkert om ettermiddagen.
– Risa skal allereie vera i gang med å skilta omkøyring, sa Løklingholm om trafikksituasjonen klokka 14.
Politiet varsla tidleg at vegen kom til å vera stengd i fleire timar utover ettermiddagen.