Dei har opplevd å mista jobben
Foto: Mathias Oppedal / NRK

Oljekrisa sine mange ansikt

Dei siste to åra har opp mot 50.000 personar meldt seg arbeidsledige hos Nav Rogaland. Bak kvart av desse tala finst eit ansikt og ei historie.

– Det var ikkje spesielt kult då eg gjekk for å melda meg som arbeidsledig hos Nav. Eg ville jo klara meg sjølv, men eg hadde på ein måte ingen val.

Då Erik Dirdal (28) frå Stavanger starta ingeniørutdanninga si på universitetet i byen var jobbutsiktene svært gode, men då han gjekk ut med master i miljøteknologi sommaren 2013 hadde ting byrja å snu.

Trening for arbeidslause

Thorild Kalstø (øvst) er leiar på Kompetansetorget på Ullandhaug i Stavanger. Ho fortel at dei er eit supplement til Nav. Så langt har dei lukkast med å få åtte personar ut i jobb, og meir enn 20 har fått praksisplassar. Ho står her saman med jobbsøkarane Kathryn Aaland og Erik Dirdal.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I oljeindustrien, som hadde vore det sikraste jobbkortet til Dirdal, hadde dei byrja å slanka organisasjonane sine. Dei skulle bli meir kostnadseffektive, noko som gjorde det vanskelegare å koma inn.

– Eg søkte på alt som var av jobbar, men høyrde ingenting, fortel 28-åringen.

I 2014 melde han seg arbeidsledig. Det same året stupte oljeprisen og masseoppseiingane i Rogaland starta.

Jobbutsiktene var minimale og han hadde ikkje krav på dagpengar. Alt tyda på at Dirdal måtte førebu seg på å bu heime hos foreldra ei god stund til.

Å ha trua på seg sjølv

Erik Dirdal si historie er berre ei av fleire tusen ulike historier om korleis det er å hamna på landets vanskelegaste marknad for arbeidsledige. Ein marknad som på visse område er så håplaus at rådet frå Nav er å flytta vekk for å få seg jobb. Ut av fylket, eller ut av landet.

Talet på arbeidsledige i Rogaland er nå på meir enn 15.000 personar, men om ein ser på kor mange som i løpet av oljekrisa har måtta registrera seg som arbeidsledige er talet langt høgare. I løpet av dei to siste åra har det kome inn om lag 50.000 arbeidsløyse-registreringar til Nav i oljefylket. Nokon har fått seg arbeid igjen, nokon har flytta vekk medan ein heil del er framleis arbeidsledige.

I dag er Erik Dirdal og elleve andre av dei samla i ein ring i eit kontorbygg på Ullandhaug. Her delar dei historiene sine med kvarandre.

– Eg fekk ei utfordring med sjølvbilete mitt, fortel 50 år gamle Philip Durnford, som sit i ringen.

Historia hans liknar lite på Dirdal si, men viser at det finst like mange måtar å takla eit liv i arbeidsløyse på, som det finst arbeidsledige.

– Då eg ikkje lenger kjende meg nyttig måtte eg strippa bort delar av sjølvbilete, for så å bygga det opp på ny, seier han vidare.

– Me ønsker at dei skal halda motivasjonen og trua på seg sjølv oppe. I tillegg så kan dei som kjem her knytte kontaktar med tanke på arbeidsmarknaden, seier Torhild Kalstø, som er koordinator.

Målet med samlinga, og med pilotprosjektet Kompetansetorget, som står bak, er å ta vare på den høge kompetansen som finst i oljefylket.

Inspirasjon for jobbsøkarar

Gunn Brigitte Danielsen er hyrt inn som rettleiar. Ho seier at målet er å koma saman og snakka, øva på å dela av seg sjølv og selja seg på ein god måte.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Alle er villige til å strekka seg langt

Gunn Brigitte Danielsen står i midten av ringen. Ho har fått jobben med å motivera, og har møtt mange arbeidsledige frå oljesektoren den siste tida.

– Det finst ei feil oppfatning om at arbeidsledige frå godt løna oljejobbar er vanskelege. Alle eg møter er verkeleg villige til å strekka seg langt. Dei tek praksisplass, som på mange måtar er gratis arbeid. Mange er villige til å gå ned i løn, og det er ingen som seier at dei berre vil gjera det eller det.

Ho fortel også at det er veldig ulikt kor tungt folk tek det. Slik er det også her i dag. Ikkje alle vil dela historia si med NRK, medan det er nokon som står fram for å visa at det finst mange der ute som er, eller har vore, i same båt.

Nyutdanna Erik Dirdal er ein av dei som gjerne delar historia si. Her er eit lite innblikk i korleis oljekrisa har vore for han og fem av dei andre som var på samlinga denne dagen.

– Du blir litt matt

Erik Dirdal (28) fortel om korleis det er å koma nyutdanna ut på jobbmarknaden midt i oljekrisa.
  • Namn: Erik Dirdal
  • Alder: 28 år
  • Frå: Stavanger
  • Status: Nyutdanna jobbsøkar med ingeniørutdanning innan Miljøteknologi

– Det var litt overraskande at eg ikkje kunne få økonomisk hjelp. Bodskapet frå Nav var eigentleg at du måtte ha pengar for å få pengar. At eg faktisk hadde utdanna meg dei siste åra hadde lite å seia, fortel Erik Dirdal.

Dermed gjekk det i det same. Bu heime. Søke jobb. Få avslag. 2015. 2016.

– Eg syns det er minst like vanskeleg nå som det var då oljekrisa byrja, det har kanskje til og med blitt verre. I alle fall for oss som er nyutdanna og ikkje har det same kontaktnettet som andre, seier han under samlinga.

Av dei femten han studerte saman med, så veit han berre om tre som har jobb. Dei andre er i same båt som han.

– Du blir litt matt av å søka og søka. Men ein må berre stå på, så løyser det seg jo til slutt, fortel Erik samlinga.

Då NRK kontaktar han på ny i januar 2017 for å høyra korleis det går, har han trass alt gode nyheiter.

– Det er litt paradoksalt. Etter å ha søkt så mykje, så får eg plutseleg eit tilbod i fanget. Ein jobb eg ikkje ein gong har søkt på.

Dette er eit vikariat for ein førelesar på Universitetet i Stavanger, som er sjukemeldt.

– Fram til sommaren held eg førelesingar i generell kjemi i ei førti prosent stilling, seier han.

Kva skjer etterpå?

– Det veit eg ikkje. Eg håper jo at det kjem noko, men eg vurderer også å byrja å studera igjen, seier Dirdal, som per i dag er svært lukkeleg over å ikkje vera arbeidsledig. Nå er han berre delvis ledig.

Så langt er erfaringane hans med å vera arbeidslaus prega av det han opplever som urettferdig behandling.

– Det meste i Nav-systemet handlar om dei som har hatt ein jobb og korleis ein skal koma seg tilbake i jobb. For meg har det vore lite hjelp å henta. Eg synst generelt sett at det er for lite fokus på oss som aldri har kome oss ut i jobb. Det er som om ein ikkje ser verdien i det å ta ei utdanning.

Utan plan b

Philip om arbeisløysa
  • Namn: Philip Durnford
  • Alder: 50 år
  • Frå: Stavanger
  • Status: Jobbar med å utvikla ein gründeridé

– Ei samling som dette er ikkje berre viktig for å knytte kontaktar og presentera idear. Det er også psykologisk veldig viktig, seier Philip Durnford, som er glad for å få vera med på nettverkssamlinga hos Kompetansetorget.

I 2013 måtte han sjukemelda seg frå jobben sin i oppstartsbedrifta Windmaster Technologies på grunn av ei skiulukke. Då sjukemeldinga gjekk ut var det ikkje meir jobb til han og i starten av 2014 måtte han registrera seg som arbeidsledig.

– Eg var både skuffa og redd, fordi eg ikkje hadde nokon plan b, fortel han.

Nå er han tilbake hos Windmaster Technologies, men denne gong berre i 50 prosent arbeidstrening, samstundes som han får arbeidsavklaringspengar frå Nav. Han set stor pris på å møta andre i liknande situasjonar.

– Det er veldig viktig å føla at du ikkje er aleine i denne vanskelege situasjonen. Det kan fungera mot depresjon. Det hjelper alltid å vita at det finst andre dyktige folk i same båten, seier han.

Sjølv har han hatt det vanskeleg som arbeidsledig, men han ser lyst på framtida, og kjenner seg trygg på at han vil koma tilbake i jobb.

– Me jobbar med nye spanande prosjekt og med litt flaks så trur eg me kan få det til, seier han og smiler.

Ein lang kø av avslag

Kathryn Aaland (29) fortel om korleis det er å vera jobbsøkar i Rogaland etter oljekrisa kom.
  • Namn: Kathryn Aaland
  • Frå: Haugesund
  • Status: Nyutdanna jobbsøkar med bachelor i biologisk kjemi

Det er nå fem år sidan Kathryn Aaland var ferdig med biologisk kjemi på Universitetet i Stavanger. Det første året etter studia var ho alvorleg sjuk og karrieren blei sett på vent. Då ho endeleg blei frisk trudde ho det skulle gå greitt å få seg ein jobb med utdanninga hennar. Men avslaga på jobbsøknadar har stått i kø.

– I starten var det ein del jobbar å søka på, men det har blitt færre og færre. Den stramme økonomien i bedriftene gjer at dei ikkje tek inn fleire folk, fortel Aaland.

Det er studievenen hennar Erik Dirdal som inviterte ho med på nettverkssamling hos Kompetansetorget. Ho takkar aldri nei når det byr seg moglegheiter til å koma seg inn på jobbmarknaden, og ho seier at ho vil strekka seg langt for å få jobb.

– Eg bur i Haugesund nå, men eg er absolutt villig til å flytta på meg for å få jobb. Eg flyttar gjerne til ein større by om det er det som må til, seier ho.

Som nyutdanna har ho ikkje krav på dagpengar, men ho får arbeidsavklaringspengar medan ho prøver å koma seg inn på arbeidsmarknaden. Dei har også ordna henne ein praksisplass hos Plantasjen Haugesund.

– Dette var det som kjendest mest relevant sidan eg er interessert i plantar, men butikkdelen av det er ikkje heilt mi greie. Eg håper inderleg på ein fast jobb innan det eg er utdanna som, og eg håper verkeleg at nettverket eg knyter her i Stavanger kan vera til hjelp i den prosessen seier ho.

Må konkurrera mot 70 til 100 personar på kvar stilling

Merete Fagernes-Turpin (44) fortel om kor viktig det er å ha pågangsmot når ein er arbeidsledig.
  • Namn: Merete Fagernes-Turpin
  • Alder: 44 år
  • Frå: Sandnes
  • Status: Økonom som søkar jobb

– Det er veldig sterkt å vera her og høyra alle historiene. Det er først nå eg forstår kor hardt denne nedbemanninga rammar folk, fortel Merete Fagernes-Turpin.

Ho er økonom, og i juni 2016 måtte ho registrera seg som arbeidsledig hos Nav. Logistikkselskapet Nor Lines, der ho var tilsett, måtte nedbemanne. Sjølv om ho hadde skifta jobb fleire gonger hadde ho aldri før vore arbeidsledig.

– Det er jo ikkje kjekt. Og med tanke på at det nå er 70–100 søkarar på kvar ledige stilling så vil det ta tid, men eg er trygg på at eg skal få meg jobb, seier Fagernes-Turpin.

Det tok henne ikkje lang tid før ho gjennom Kompetansetorget skaffa seg praksisplass hos inkubatorbedrifta Ecofiber Recycling. Ho tek imot dei same dagpengane frå Nav, søker jobb på fritida, samstundes som ho møter opp på jobb kvar dag. Trass ekstraarbeidet, så synst ho at dette det mykje betre enn å gå heime.

– Det er herleg å koma inn i ei bedrift og sjå at eg bidreg og hjelper til, seier ho.

Sjølv kjenner ho seg ikkje som eit offer.

– Ein må ta det innover seg fort, koma i arbeidssøkarsituasjon og søka aktivt etter jobbane, fortel ho.

Tilbake i jobb etter halvanna år

Ove Nicolaus (51) fortel om korleis det er å mista ein jobb du har hatt i fleire tiår.
  • Namn: Ove Nicolaus
  • Alder: 51 år
  • Frå: Stavanger
  • Status: Fast ingeniør-stilling

– Ein går godt ned i kjellaren, seier 51 år gamle Ove Nicolaus.

Like etter oljeprisen hadde eit kraftig fall i september 2014 fekk han beskjed om at han var ein av 150 personar som mista jobben sin i Subsea 7, ei leverandørbedrift i oljeindustrien.

Han fekk ein avtale med eitt år etterløn, men å finna seg jobb skulle visa seg å vera vanskeleg.

– Eg hadde jobba som ingeniør i mechanical designavdelinga på Forus, her teikna og designa eg utstyr til oljeindustrien. Eg gjekk gjennom alt som var av jobbannonsar, men det var ingen som hadde bruk for ein med denne type erfaring, seier han.

Dermed måtte han over på dagpengar i desember 2015.

– Plutseleg var løna mi ein tredel av det ho hadde vore. Det var litt vanskeleg å tenka på dette, heilt til me fekk kontroll på den økonomiske situasjonen og såg at ein kunne klara seg, seier han.

Nicolaus kom i kontakt med Kompetansetorget gjennom fagforeininga for ingeniørar, NITO. Dei klarte innan relativt kort tid å gi han praksisplass i eit av inkubator-selskapa som held til på Ipark.

Selskapet Smart Sea System tek sikte på å levera datasystem til sjøfartsnæringa, dei har fått støtte frå Innovasjon Norge slik at dei i september 2016 kunne tilsetja Nicolaus.

– Det var veldig godt å få jobb, og få den tryggleiken tilbake. I tillegg er det godt å sleppa å fylla ut skjema frå Nav, seier Nicolaus og ler.

Arbeidsledig ingeniør

Andre Forbergskog (35) fortel om korleis det er å vera arbeidsledig etter at oljekrisa ramma hardt på Vestlandet.
  • Namn: André Forbergskog
  • Alder: 35 år
  • Frå: Stavanger
  • Status: Maskiningeniør som søkar jobb

– Eg fekk oppseiinga mi rett før jul i 2015. Det er litt sårt å mista jobben, men eg såg realistisk på det. Eg var sist inn, så då blei eg først ut, seier André Forbergskog.

Han høyrer til ei arbeidsgruppe som er svært hardt ramma av oljenedturen. I starten av 2014 hadde Nav Rogaland registrert 280 arbeidsledige innan ingeniør- og ikt-fag. Ved utgangen av 2016 var talet 2104.

Etter han mista jobben som maskiningeniør hos Matre maskin, så har Forbergskog fått kjenne på kor vanskeleg det er å få ingeniørjobb i Rogaland nett nå. Så langt har han ikkje fått noko.

I mellomtida har han teke jobb som tilkallingsvakt ved eit ungdomssenter i Sandnes og hos PSS Securitas, men ingenting har ført til jobb.

Sjølv om ting er vanskeleg, så ser Forbergskog på det lyse i situasjonen.

– Nett nå er marknaden litt vanskeleg, men eg trur eg skal få meg jobb. Eg er kanskje alltid optimistisk av meg, men eg har nå trua.

Og heldigvis for Forbergskog og dei andre på Kompetansetorget, så er det nå ei brei semje om at botnen er nådd for denne gong, og at me går mot lysare tider. Ifølgje Nav kan ein allereie etter vinteren 2017 håpa på at ting stabiliserer seg, og i 2018 kan ting endåtil bli betre.