Dette er NRK Rogaland
Kvar dag jobbar eit knippe menneske inne i dette steinbygget i Stavanger for å servera nyheiter og gode historiar til heile Rogaland. Her kan du lesa litt meir om kven vi er og korleis vi jobbar.
Redaksjonell rekneskap for NRK Rogaland 2015:
- NRK Rogaland i 2015
- Kven er vi?
- Etikk – dei vanskelege vala
- Kva gjorde vi i 2015? (radio | TV | nett | sosiale medier)
- Valet
- Kva ønsker vi å vere?
NRK Rogaland i 2015
2015 var året då oljenedturen trefte Rogaland for fullt. Gjennom ei rekke artiklar, reportasjar og innslag har NRK Rogaland søkt å dokumentere konsekvensane av fallet i oljeprisen og den etterfølgande omstillinga i bransjen og i arbeidslivet. Dette har sett krav til vårt arbeid med den grundige og fordjupande journalistikken.
På den andre sida har vi kontinuerlege krav til oss om hurtigheit i nyheitsformidlinga. NRK Rogaland har, som dei andre distriktskontora, jobba målretta med kompetanse og arbeidsflyt for å kunne vere til stades direkte når store ting skjer. Slik som under ekstremvêret «Synne» i byrjinga av desember.
I tillegg til å levere rapportar til NRK sine nasjonale nyheitssendingar gjennom heile helga, følgde vi utviklinga i ei sju timar lang direktesending på radio.
Gjennom hausten var journalistikken i NRK Rogaland elles prega av flyktningkrisa og av at fire menn vart arresterte og sikta for drapet på Tina Jørgensen. I årskavalkaden vår kan du få gjensyn både med desse, og mange andre små og store historier frå 2015.
Kven er vi?
NRK Rogaland sitt hovudkontor ligg på Ullandhaug i Stavanger. Universitetet i Stavanger, Oljedirektoratet, Ipark og Måltidets hus er våre nærmaste naboar. Vi er det einaste fylkesdekkande mediehuset i Rogaland, og vi har ein ambisjon om å levere innhald som er interessant både for eit lokalt og eit nasjonalt publikum.
Vi er 50 tilsette, fire av dei arbeider på lokalkontoret vårt i Haugesund. Dei har hovudansvaret for dekninga av Haugalandet. I 2015 hadde NRK Rogaland eit budsjett på 38,5 millionar kroner. Om lag 90 prosent av dette er lønskostnader.
Klikk for å sjå bilete av oss som jobbar her
Etikk – dei vanskelege vala
NRK Rogaland ønskjer å halde ein høg etisk standard i det redaksjonelle arbeidet. Publikum skal vite at NRK jobbar i tråd med pressa sine etiske reglar, og intervjuobjekt
og andre kjelder skal føle seg trygge på at dei blir behandla skikkeleg i sakene vi lagar. Difor er det også eit årleg mål for NRK at vi ikkje skal bli felt i Pressens Faglege Utval (PFU) for dårleg faktasjekking, manglande eller mangelfull imøtegåing av påstandar som blir framsett eller uklare premiss for medverking i sakene.
NRK Rogaland vart ikkje klaga inn til Pressens Faglege Utval i 2015.
I 2016 vil NRK intensivere arbeidet med redaksjonell etikk. Det er nyleg oppretta ei stilling som etikkredaktør, og i løpet av første halvår startar vi eit nytt program for opplæring i redaksjonell etikk. Alle redaksjonelle medarbeidarar i NRK skal gjennomgå kurset med tilhøyrande oppfølging.
Det aller viktigaste bidraget til høg presseetisk standard er høgt medvit om presseetikk i det daglege arbeidet.
Gjennom året har NRKs redaksjonar kontakt med hundrevis av intervjuobjekt og enno fleire lisensbetalarar som har synspunkt på journalistikken vår, enten gjennom NRK Publikumsservice eller direkte til dei ulike redaksjonane.
Distriktsprogramrådet
NRK Rogaland har eit distriktsprogramråd som er valde for fire år om gongen. Leif Erik Egaas (H) leiar rådet. Dei andre medlemmene er Eirik Faret Sakariassen (SV), Hanne Marte Vatnaland (Sp), Gro Skartveit (V) og Einar Endresen (Frp).
Distriktsprogramråda sitt mandat står i Kringkastingslova:
«Distriktsprogramrådene skal uttale seg om hovedlinjene i programvirksomheten ved distriktskontorene og i de programsaker som kringkastingssjefen eller lederen for distriktskontoret forelegger eller som rådet finner grunn til å ta opp. Kringkastingssjefen og lederen for distriktskontoret kan innhente rådets uttalelse i administrative og økonomiske saker. Det skal være et distriktsprogramråd for hvert distriktskontor. Distriktsprogramrådet skal ha fem medlemmer med personlige varamedlemmer oppnevnt av fylkestinget for fire år. Et medlem kan berre gjenoppnevnes for éin periode. Kongen gir regler om oppnevnelse og sammensetning av distriktsprogramråd der et distriktskontor dekker fleire fylke. Kongen kan gi nærmare regler om distriktsprogramrådenes oppgåver og arbeidsmåte.»
Det betyr at rådet skal uttale seg om programverksemda – altså det distriktskontoret publiserer i radio, fjernsyn, på nett og mobil, i tillegg til administrative og økonomiske spørsmål dersom distriktsredaktør eller kringkastingssjef ønsker det.
Kva gjorde vi i 2015?
På kvardagane sender vi seks timar radio på P1. Morgonsendinga vår startar klokka 6.03 og varar til klokka 9.00. Om ettermiddagen sender vi frå klokka 14.03 til 17.00. Vi har også nyheitssendingar i etterkant av dagsnytt klokka 10, 11, 12 og 13.
Programleiarane våre er Lise Andreassen Hagir, Morten Nesvik, Øystein Ellingsen og Per Øystein Kvindesland.
Som den einaste distriktssendinga var NRK Rogaland ved programleiarane Per Øystein Kvindesland og Bjørn Olav Skjæveland nominert til den gjeve radioprisen – Prix Radio – for årets morgonflate.
Oppslutninga for P1 var i 2015 noko lågare enn tidlegare år. Nokre lyttarar har flytta til digitalkanalen NRK P1+, andre gjekk til kommersielle konkurrentar. Både vi og andre distriktskontor har opplevd ei slik utvikling, og utover i 2016 tek vi grep på fleire område for å bli enno meir relevante – spesielt for aldersgruppa 40–54 år.
NRK Rogaland har to faste nyheitssendingar på NRK1 på kvardagar. Hovudsendinga vår er klokka 18.45. Vi har også ei kortare nyheitssending klokka 20.55.
I tillegg til å gje eit bilete av dagens viktigaste nyheiter, har vi som mål å lage gode reportasjar som set dagsorden lokalt, og som også kan brukast i NRK sine nasjonale nyheitssendingar.
Vi inviterer gjester til studio, og vi har som mål å gå direkte frå hendingar ute. Vi har utstyr som set oss i stand til å sende direkte frå dei fleste stader i Rogaland.
Også vi merkar endringa i publikum sine medievanar. Færre set seg ned for å sjå nyheitssendingar til eit fast tidspunkt, men let seg oppdatere på anna vis. Vi har difor sett ein gradvis nedgang i oppslutning dei siste åra. Vi har også ei utfordring med å rekruttere unge sjåarar.
Gjennom dei siste åra har vi styrka satsinga på nett og mobil ved å flytte ressursar frå vår tradisjonelle radio- og TV-produksjon. Målet er å gje publikummet vårt eit betre oppdateringstilbod gjennom dagen. Vi har jobba aktivt med kompetanseheving, og vi har også utvida opningstidene våre på nett. Vi er bemanna frå klokka 05 til 22.30 på kvardagar, og frå 07 til 21.30 i helga.
Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle nye og publikumsvenlege format, og har mellom anna laga fleire nettdokumentarar som har vore mykje lest.
Sosiale medier – #NRKRogaland
I dagens mediekvardag er sosiale medium avgjerande for å nå ut med innhaldet vi lagar. Derfor prioriterer vi å bruke desse plattformene på best mogleg vis. Facebook er størst, med 2,6 millionar nordmenn innom kvar dag, og derfor den vi bruker mest tid på i det daglege nyhendearbeidet.
Då 2015 vart historie hadde vi 22.600 følgjarar på Facebook, men nådde gjennomsnittleg fire gonger fleire enn dette dagleg. Innhaldet vårt vart spreidd fordi dei som fekk sjå det likte det, kommenterte på det og delte det vidare. Samleomgrepet på dette er engasjement, og vi fekk totalt 352.000 reaksjonar på innhaldet vårt på Facebook i 2015.
Det som engasjerte aller mest på Facebook i 2015 var videoane vi delte då Bjørnar Ege Serigstad varsla at «kåna måtte molke fordi – Æg ska på pøb!». Dei to versjonane, med norske og engelsk tekst, vart sett nesten to millionar gonger.
Virale videoar er stas, men det er ikkje det vi jobbar mest for i NRK Rogaland. Det er viktig for oss å bruke dei sosiale media til å gjere journalistikken vår tilgjengeleg for fleire, nå nye lyttarar/lesarar og sjåarar. Vi vil møte dei der dei er, men også leie dei inn til våre eigne plattformer.
Twitter og Instagram inngår også i det daglege SoMe-arbeidet. Den førstnemnde plattforma er viktig for å følgje med på kva som skjer i samfunnet; alt frå politimeldingar til debatt. Instagram er ei fabelaktig kjelde til kontakt med folket i Rogaland. I snitt blir 50 bilete merka med #nrkrogaland på Instagram kvar dag, og vi får sjå kva som røyrer seg og kor snøen fell.
Vi har også brukt dei sosiale media til å komme nærare på publikum. Vi fekk inn fleire hundre bidrag då vi bad publikum bli med på å lage filmen «Når Rogaland vaknar» og "Når Rogaland frys". Vi inviterte også publikum med inn bak kulissane då vi sende direkte frå bak kamera på 18.45-sendinga.
Riksproduksjon
NRK Mat – Det er NRK Rogaland som driv NRK si matsatsing NRK Mat. Vi har samla fleire tusen oppskrifter, og oppdaterer dagleg med nye oppskrifter henta frå dei mange matprogramma som går på NRK1. I 2015 hadde vi over 13 millionar sidevisingar på våre ulike oppskrifter.
Utakt – Eit underhaldningsprogram som vi produserer for NRK P1 og som blir sendt direkte måndagskveldar mellom 22 og 24. I tillegg produserer vi på etterspørsel sendingar for høgtidsdagar som f.eks. jul og påske. Programleiarar er Per Øystein Kvindesland og Bjørn Olav Skjæveland, begge kjende programleiarar frå morgonsendinga til NRK Rogaland.
Familiefryd – Vi er også i gang med å produsere ein underhaldningsdokumentar i fire delar der vi gjennom to år følgjer eventyrarane Cecilie Skog og Alexander Gamme i det livet deira blir forandra frå vener, til kjærastar, via graviditet og fødsel og no som foreldre. Planlagt publisering av serien er mot slutten av 2016.
Norge Rundt, Glimt av Norge og Lørdagsrevyen
Med sine 25 innslag til Norge Rundt i 2015 var NRK Rogaland den klart største leverandøren av distriktskontora. Her er eitt av høgdepunkta frå Norge Rundt i 2015:
I tillegg leverer vi dokumentarar til Glimt av Norge og reportasjar til Lørdagsrevyen. Her kan du sjå Glimt av Norge-dokumentaren som blei laga om Gamlingen.
Samarbeid med andre
NRK Rogaland skal vere eit ope mediehus og vi søker å samarbeide med andre mediehus og aktørar til det beste for journalistikken og ordskiftet.
I 2015 hadde vi eit utstrekt samarbeid med andre mediehus i samband med valet. Vi samarbeidde med Dalane Tidende om debatt i Egersund, med Jærbladet om debatt på Klepp, med Haugesunds Avis om debatt i Haugesund og med Rogalands Avis og Vågen vidaregåande skole om debatt i Sandnes. På sjølve valkvelden hadde vi samsending med Stavanger Aftenblad.
Vi samarbeider i tillegg med Universitetet i Stavanger om praksis for studentar, og vi har gjennomført kurs for lokalavisene i Rogaland på område der vi har spisskompetanse.
Valet
Den største enkeltsatsinga til NRK Rogaland i 2015 var dekninga av kommune- og fylkestingsvalet. I tillegg til fortløpande nyheitsdekning i radio, tv, nett og mobil, deltok vi i fleire fellessatsingar som NRK hadde under valet.
Valomat
Ei av desse satsingane var NRK sin valomat. Valomaten vart til etter ein stor intern dugnad og innsats frå politisk redaksjon og på NRK sine distriktskontor over heile landet. Nærare 800.000 søkte hjelp i valomaten for å få vite meir om kven dei burde stemme på.
«Valstafetten»
Nyvinninga «Valstafetten» vart også ein stor dugnad der alle distriktskontor, og fleire andre avdelingar i NRK, deltok. Heile det store NRK-apparatet frå landsende til landsende vart utnytta i det 24-timar direktesende debattprogrammet.
Turné landet rundt
På TV og nett blei det valturné i fylka frå sør til nord, med engasjerande direktesendingar fulle av temperatur. Sjåarar og lesarar vart kjende med nye stemmer som fekk bryne seg på etablerte profilar i politikken. Rogaland var første fylke ut, med kommunesamanslåingsdebatt i Stavanger konserthus.
Samarbeid med mediehus
NRK tok i fjor initiativ til eit heilt nytt og omfattande samarbeid med konkurrentane. Meir enn 120 lokale debattar, skulearrangement, og folkemøte blei arrangert landet rundt i samarbeid med andre mediebedrifter. Både Amedia, Schibsted, Polaris og ei rekke uavhengige lokalaviser har vore involverte i samarbeidet.
I Rogaland arrangerte vi fire valdebattar. Desse var i samarbeid med Haugesunds Avis, Jærbladet, Dalane Tidende og Rogalands Avis. NRK Rogaland la også til rette for at lokalavisene i fylket kunne bruke valomaten på sine sider. Sju aviser takka ja til dette tilbodet.
Valnatta
For første gong samarbeidde vi med ein konkurrent om sendinga på sjølve valkvelden. Saman med Stavanger Aftenblad hadde vi sending på TV, nett og mobil med felles programleiarar og reporterar ute.
Lokalt og ungt
Dette var dei to føringane for NRK sitt innhald før valet i haust. Nærleik i den redaksjonelle satsinga løfta det lokale perspektivet inn i dei nasjonale sakene, og for å nå dei unge vart innhaldet tilpassa denne viktige målgruppa.
NRK nådde definitivt de unge, og oppslutninga viser ei markant auke. #nrkvalg vart den mest brukte emneknaggen i valkampen, og marknadsandelane i den unge målgruppa auka med 50 prosent når det gjaldt TV-sjåing.
Ungt, nært og lokalt var hovudpunkta for valdekninga 2015. Vi skulle både samle landet og ta de lokale sakene og lokaldemokratiet på alvor.
Valkampen blei definert til dei fire siste vekene før valet. I denne perioden handla det meste seg om val, men planlegginga starta allereie før sommaren. Arbeidet med valomaten starta allereie i april.
I år delte vi valomaten med lokalavisene som embedda den på sine sider. Resultatet vart at svært mange brukte den.
Kva ønsker vi å vere?
NRK Rogaland skal dekke og publisere viktige nyheitssaker til eit regionalt publikum. Vi skal også dekke og løfte viktige lokale og regionale saker til eit nasjonalt publikum gjennom leveransar til NRK sitt riksdekkande nyheitstilbod. I ei tid der ein deadline er erstatta av kontinuerleg publisering, handlar det om å vere i stand til å gje lesarane, lyttarane og sjåarane nyheitene der dei er når det skjer.
Gjennom morgon- og ettermiddagssendingar i NRK P1, nyheitsendingar på NRK1, regionalt innhald på nett og mobil, og publisering og oppfølging i sosiale medium gjev NRK Rogaland publikum i fylket eit distinkt og annleis innhaldstilbod enn det våre kommersielle konkurrentar gir. Vi skal strekke oss mot å samle fylket. Der våre konkurrentar dekker nyheitssaker ut frå eit lokalt perspektiv, skal vi leite etter saker og vinklingar som har eit regionalt perspektiv.
Innhald frå NRK Rogaland skal kjenneteiknast av eit godt språk. Språket, både normert og dialekt, skal vere forståeleg, korrekt og konsekvent. Dette er nødvendig av omsyn til truverdet vårt og for å gjennomføre samfunnsoppdraget vårt som formidlar av norsk språk. Vi skal også bidra til at NRK når kravet om 25 % nynorsk.
Hurtigare publisering og djupare journalistisk graving stiller også krav til vårt presseetiske medvit. Vi skal ha høg fokus på etikk og ein nullvisjon når det gjeld å bli felt i Pressens Faglege Utval.
Å styrke arbeidet med utvikling og nyskaping er ein nøkkel ikkje berre for å sikre nye riksproduksjonar, men også for å sikre suksess innan nyheits- og regionoppdraget til NRK Rogaland. Vi har eit mål om at det skal vere høgt under taket for å prøve og feile.