NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Trude Storheim gir seg som sjef for Vossa Jazz

    Trude Storheim har delt på si private facebookside at ho gir seg som leiar for Vossa Jazz. Storheim har vore sjef for festivalen sidan 2007, men har hatt permisjon for å jobbe som kommunalsjef for kultur. – Det er ei tid for alt. No er dagen komen for mi avgjerd om å slutta som sjef for Vossa Jazz, skriv Storheim.

    Trude Storheim, då ho var leiar i Vossa Jazz
    Foto: Jan Børge Leirvik / Jan Børge Leirvik/NRK
  • Rektor åtvarar mot «plumbobombe»

    Rektor ved Slåtten skule i Førde sende fredag ut melding til foreldre, der det blir åtvara mot plumboflasker. Skuleleiinga skriv at elevar fann ei plumboflaske med innhald i skogen over fotballbana. – Det ser ut til at nokon har prøvd å lage ei plumbobombe. Naboar har høyrd at det small i området her tidlegare denne veka. Plumbo er etsande og svært farleg, skriv rektor Turid Irene Hatlem. Ho stadfestar funnet overfor NRK og seier politiet er varsla. Foreldre blir no oppfordra til å snakke med borna og åtvare dei mot å ta i plumboflasker – om det skulle dukke opp fleire.

    Slåtten skule
    Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK
  • Haukeland-sjefen trekker seg fra styret i Trond Mohn forskningsstiftelse

    I januar trakk UiB-direktør Margareth Hagen seg fra styrevervet i Trond Mohn forskningsstiftelse, og nå er sykehusdirektør Eivind Hansen også ute, skriver BT. Hansen er den fjerde som forlater stiftelsen i løpet av et drøyt år.

  • Melding om grasbrann i Årdal

    Det har vore ein grasbrann i Årdal. Ifølgje brannvesenet var ikkje brannen så veldig omfattande, då innringarar snakka at det gjaldt eit ti gonger ti meter stort område bak Rema 1000 i Årdal. Det var snakk om mykje røyk, og liten spreiingsfare. Brannvesenet var på staden, og hadde kontroll, sa Håkon Myking, vaktkommandør i 110-sentralen i Vest. Brannen er no sløkt.