| | |
| Fakta om Årdal | |
|---|---|
| Areal: 979 km² | |
| Folketal: 5521 (1.1. 2013) | |
| Høgste fjell: Store Skagastølstind 2405 m.o.h | |
| Foss: Vettisfossen 275 meter loddrett fall, samla fall 370 meter. (Norges høgste i fritt fall). | |
| Ordførar: Arild Ingar Lægreid, Arbeidarpartiet | |
| Tettstader: Øvre Årdal: 3426 innb
Årdalstangen: 1578 innb | |
Industrisamfunnet Årdal vart symbolet på det moderne Noreg etter krigen og vart kalla "sosialdemokratiets utstillingsvindauge”. Statsverksemda ÅSV, kommunen og fagforeiningane samarbeidde om å byggje den vellukka industribyen, der den vidgjetne dugnadsånda har skapt både vegar og landskjende kulturmønstringar.
Mindre kjend er soga om fylkets første "storindustri" i koparfelta for 300 år sidan, eller at to husmannsbrør frå Indre Ofredal gjorde uvanlege karrierar: Den eine vart katolsk biskop av Selja, og den andre vert kalla "margarinens far".
Ein stor del av Årdal kommune er nasjonalpark eller landskapsvernområde, og Vettisfossen er Noregs høgste foss i fritt fall etter at Mardalsfossen i Romsdal er utbygd.
I Øvre Årdal finn vi eitt av dei største funna av gardsanlegg frå vikingtida i landet, vikinggarden Ytre Moa.
Frå 1947 har aluminiumproduksjon vore alfa og omega for Årdal. På vel 60 år er det produsert rundt sju millionar tonn aluminium i bygda. Dette biletet er teke i 2007, før produksjonen i Å3, hallane til høgre i biletet vart stansa og hallane rivne. I desse hallane var det gamal og sterkt forureinande teknologi, og Hydro ville ikkje erstatte produksjonen der med ny og moderne teknologi. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.