Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistane), forkorta til AKP (m – l), vart offisielt skipa i 1973, men var i røynda i arbeid frå 1972. AKP (m-l-) hadde utspringet sitt i Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF) som på slutten av 1960-talet braut med ”moderpartiet” Sosialistisk Folkeparti. AKP (m-l) vart kjend for stort hemmeleghald om eigen organisasjon og for sympatiar med kommunistregima m.a. i Kina, Nord-Vietnam, Kambodsja og Albania, og med front mot Sovjet-regimet. Einar Rysjedal, Høyanger, vart første leiar i fylkespartiet i Sogn og Fjordane.
Einar Rysjedal var den første leiaren AKP (m-l) i Sogn og Fjordane. Foto: NRK.
Geir Oldeide var første fylkestingsrepresentanten. Foto: Kristin Oldeide.
Raud Valallianse (RV)
vart skipa i 1973 etter at AKP (m-l-) vart utestengt frå valsamarbeidet i Sosialistisk Valforbund. Dei første 18 åra var RV ein allianse mellom Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistane) og uavhengige sosialistar, men vedtok på landsmøtet i 1991 å verte ein sjølvstendig organisasjon.
Geir Oldeide frå Vågsøy var den første frå RV som vart vald inn i Sogn og Fjordane fylkesting i 1987.
Raudt
I 2007 vedtok AKP, RV og Rød Ungdom å gå saman i det nye partiet Rødt (Raudt). Vedtaket vart gjort med 128 mot 71 røyster.