Ambjørg Sælthun

Ambjørg Sælthun (1922-2012) frå Ål i Hallingdal, busett på Seltun. Bonde og Senterpartipolitikar. Utdanna på husstellskule og sjukepleiarskule. Medlem av skulestyret 1959-1971 og kommunestyret 1971-1975. Styremedlem i Sogn og Fjordane Bondekvinnelag frå 1965 og leiar 1969-1971. Medlem av landsstyret i Norges Bondekvinnelag frå 1965 og nestleiar i fire år. Styremedlem Norges Bondelag 1971-1974. Sentralstyremedlem Norske Kvinners Nasjonalråd 1971-1974. Leiar Nordens lands kvinner 1973-1974.

Ho har elles vore vararepresentant til styret i NRK og Industribanken, styremedlem i Det Norske Samlaget og Det Norske Teatrets målpolitiske råd. Medlem av landsstyret i Senterkvinnene frå 1972, leiar frå 1976. Medlem av Senterpartiet sin prinsipprogramkomite 1973. Medlem i sentralstyre og landsstyre frå 1976 og nestleiar i Senterparti-gruppa på Stortinget 1977-1978.

Ambjørg Sælthun vart vararepresentant til Stortinget 1969-1973, der ho møtte fast siste året medan John A. Austrheim var samferdsleminister. Ho var fast representant 1973-1985, og vart den første kvinna frå Sogn og Fjordane på Stortinget. Første perioden, 1973-1977, var ho einaste kvinna i Senterparti-gruppa på Stortinget. Varapresident i Stortinget 1981-1982.

Som leiar i Senterkvinnene tok ho initiativet til ein stor tverrpolitisk kvinneaksjon mot pornografi på slutten av 1970-talet.

Ho vart æresmedlem i Norges Bondekvinnelag i 1982 og i Senterpartiet i 1988.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 2008.

Dette biletet vart teke då Ambjørg Sælthun fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2008. Sitjande frå v. ordførar Arne Sanden i Lærdal, Ambjørg Sælthun, fylkesordførar Nils R. Sandal. Ståande assisterande fylkesmann Anne Karin Hamre og statsråd Liv Signe Navarsete. Foto: Nils Roar Sælthun.

Dette biletet vart teke då Ambjørg Sælthun fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2008. Sitjande frå v. ordførar Arne Sanden i Lærdal, Ambjørg Sælthun, fylkesordførar Nils R. Sandal. Ståande assisterande fylkesmann Anne Karin Hamre og statsråd Liv Signe Navarsete. Foto: Nils Roar Sælthun.