Anders Bjørk (1913-1981) frå Fortun. Bonde og Senterparti-politikar. Var ordførar i Luster 1960-1975. Medlem av fylkestinget 1960-1979.
Bjørk stod sentralt i arbeidet med å skaffe Luster kommune varige arbeidsplassar i byte for kraft då Leirdøla-vassdraget vart konsesjonshandsama på 1970-talet – sjå: Leirdøla-utbygginga.
Kommunen lukkast å få Akergruppen til å planleggje fabrikk med kring 300 tilsette for produksjon av stålkonstruksjonar til oljeindustrien i Gaupne, men industrikriser gjorde at konsernet la bort Gaupne-prosjektet i 1975. I fylkestinget var Bjørk m.a. forslagsstillar då fleirtalet i 1972 gjekk imot framlegget om direkte val til fylkesting. Han markerte seg elles som ein talsmann for utkantinteressene, m.a. som sentralsjukehusmotstandar og sterk talsmann for utbygging av småsjukehusa i fylket.