Anders Haave

Anders Haave.

Anders Haave.

Anders Nilsen Haave (1809–1867) frå Naustdal. Bonde, lekpredikant og ein av dei fremste haugianarane i landet. Reiste som forkynnar over heile landet 1836-1849 – heilt nord til Balsfjord i Troms, og som fråhaldstalar for Den norske Forening mot Brændevinsdrik 1855-1866. Reisene betalte han sjølv på arbeid som snekkar og smed.

I 1887 gav nokre vener ut «Nogle aandelige Sange», dikta av Anders Haave. Dreiv frå 1853 som gardbrukar i Stavang i Flora kommune, der slekta sidan m.a. har drive landhandel og byggjevareforretning. Far til Abraham Haave.