Anders Ohnstad på tur i 2003, 92 år gamal. Foto: Åsmund Ohnstad.
Anders Ohnstad (1911–2007), frå Aurland. Lektor og historikar. Cand. mag. ved UiO 1945. Har vore lærar ved Leikanger realskule 1944–1945, lektor ved Sogndal gymnas og realskule 1946–1949, Hornnes landsgymnas i Aust–Agder 1950-1954, Voss gymnas 1954–1979.
Ohnstad har skrive bygdeboka for Aurland, fleire gards– og ættesoger og ei bok om middelalderkyrkja på Vangen i Aurland. Han har elles vore medforfattar av fleire lokalhistoriske skrifter.