| | |
| Fakta om Askvoll | |
|---|---|
| Areal: 322 km2 | |
| Folketal: 3018 (1.1. 2013) | |
| Høgste fjell: Blægja 1 305 m.o.h. Alden 481 m.o.h., kjent fjell/seglemerke, også kalla Den Norske Hest. | |
| Ordførar: Frida Melvær, Høgre. | |
| Tettstader: Askvoll sentrum, Holmedal, Stongfjorden, Herland på Atløy. | |
På øyane Bulandet-Værlandet ligg eitt av dei mest livskraftige fiskeværa i landet. I den gamle industribygda Holmedal er fabrikkar for teglstein, ullvarer, margarin og brus avløyste av moderne industri. Frå Rivedal reiste den første nordmannen til Island. Frå Askvoll kom fylkets første store biletkunstnar og landets første folkevalde stortingspresident.
Les meir om kopargruvene i Grimelid og Nordens første aluminiumsfabrikk i Stongfjorden - og om krigstragedien som råka Bulandet i 1942. Les også korleis "Folkelånsvegen" vart til. Og kjenner du planane om å byggje byar i Flokenes og i Vårdal?
Alden, også kalla Den norske hesten, er eit særmerkt landemerke i Askvoll kommune. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Finn fram i Askvoll