| | |
| Fakta om Balestrand | |
|---|---|
| Areal: 430 km². | |
| Folketal: 1343 (1.1. 2011). | |
| Høgste fjell: Jostefonn 1615 m.o.h. | |
| Ordførar: Harald N. Offerdal, Arbeidarpartiet. | |
| Tettstader: Balestrand sentrum - Holmen. | |
Balestrand har av turistar og kunstnarar vorte rekna som perla i Sogne-landskapet. Her samlast monarkar, kunstnarar og rikfolk i hageselskap, og her bygde mange av dei praktfulle villaer i "drakestil". Kvikne's Hotel med sin kjende fasade mot Sognefjorden vert rekna som juvelen i norsk sveitsarstil. Den tyske keisaren Wilhelm II hadde Balestrand som sitt faste turistmål i åra før den første verdskrigen.
Turistbygda har si eiga engelske kyrkje, og Gaularfjellsvegen som vart bygd på 1930-talet var i mange år den viktigaste vegen mellom Sogn og Sunnfjord.
Balestrand i haustfargar, sett frå Bruhjellstølen. Vi ser Balholm med Kviknes Hotell i venstre biletkant, på andre sida av Esefjorden Tjugum og ut mot høgre Veganeset. Foto: Bjørn Skanke Sande.