Bedehuset som vart bygt i 1956. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Hans Nielsen Hauge heldt møte i Førde minst ein gong – i 1801. Det var haugianarar som bygde det som skal vere det første bedehuset i Sogn og Fjordane i Førde i 1881.
Hans Nielsen Hauge og hans «haugianarar» hadde eit av hovudseta for verksemda si på Svanøy i Sunnfjord (sjå Haugianarane på Svanøy). Hauge var sjølv ofte på Svanøy, og elles i fylket vitja han m.a. Hyen og Sandane, Holmedal og Luster.
Bonde Ole Martinus Erdal på Skei gav fri grunn til huset. Huset tente som kyrkje 1884-1885 medan ein bygde ny soknekyrkje på Skei (sjå Førde kyrkje).
Først i 1886 vart det skipa indremisjonsforening i Førde, og felles indremisjonsforening for Sunnfjord. Då det vart bygd nytt bedehus i Førde i 1956, vart det gamle bedehuset flytta til Årdal i Jølster.